2016 Opp til Gulleplestølen og der omkring

Køyrer ein forbi på riksvegen i Esebotn ser det mest ut som uråd å kunne ta seg opp nokon plass her i dei dramatiske fjellsidene som reiser seg direkte og voldsomt opp i 12 – 14oo m. Men her er nokre få gamle stølsvegar og me vil fylgja ein av dei, den til Gulleplestølen. Det er den som er bra trygg, best å gå og den ruta som no er mest nytta om ein skal heilt opp på Keipen. Ruta er merka med raudmåling og bra rydda for vegetasjon. Fleire har delteke i det, men Jørgen Hundseth er hovedaktør her som ved så mange andre gode turvegar i kommunen. Gulleplestølen ligg mellom 6oo og 7oo m.o.h. Her er ein par bratte parti opp hit, men ein vert løna med ei storslått utsikt over Esefjorden med Holmen på neset yst ute og Sognefjorden bak. Dei som går fort gjer det på timen, vanleg turtempo er herifrå og opp til to timar. Me deler turen i tre parti: A-Fram til Dalen, B-Opp til 1885, C-Opp til Gulleplestølen.

A – Fram til Dalen

Anders Gjerde dyrka opp over 30 mål. Foto: Helge Pedersen

Ved informasjonstavla/start står det Keipen 1426 moh. 5,5 Km og Dalen 180 moh. 1,5 Km. Me går forbi stølshusi til Roar Grøneng og opp til fyrste muren og til venstre. Her er flatt og fint å gå heilt fram til Busetereina. Restane av siloen me ser til høgre er alt som er att av stølen til Gjerde her. I Balestrand Bind II Gards- og ættesoge 1991 (BBII) kan me lesa at Anders Gjerde bygde her i 1930 og at Geitaskreda i 1940 kom med ras og tok det meste og berre siloen stakk opp. Her er vidare svære murar framover som er rundt dei over 30 mål Anders dyrka opp her. BBII skriv at faren Lars dyrka i Gjerde, og at Andres dyrka opp Esebotn. «Han køyrde stein i motbakken og sette mur kring stykket sitt. Denne muren står i dag som eit talande vitnemål om det store dyrkingsarbeidet som vart lagt ned».

Stølshuset som vart bygd i 1941

Framme i Busetereina kjem me til nokre murar og eit samanrast bygg. Det er restane etter stølshuset som vart bygd opp att i 1941 då Geitaskreda tok det andre ved siloen. Dette stølshuset vart sterkt skada/rasert av trykkbylgja frå ras i januar 1994. Maria Farnes, f.Gjerde (ei av døtrene til Anders), har ein lesverdig artikkel i bladet Gulleplet nr. 4/1982 om stølslivet her som ho var med på som ung jente. Ho skriv bl.a. « For om lag 30 – 40 år sidan hadde Esebotten eit heilt anna preg enn den har i dag. Då var dei fire stølane der i dagleg bruk med blankskura mjølkebytter og sil på knaggar utanfor seldøri. Då fekk ikkje gras og strå veksa opp og stå urørd og gulna til om hausten. Nei, då var det snaubeita og grønt overalt. Vegar og rekkjer var opptrakka av folk og fe, og kyr, hestar,sauer og geiter heldt alle slags busker og kratt naturleg nede og terrenget fint i orden… det var kring pinsetider me buforte dyra inn i Botten, og då var me der til ut i september…me hadde ca 100 geiter og 4 – 5 kyr». Ho skriv om korleis dei separerte mjølki og koka ost. Å koka ost tok fleire timar med mykje røring i gryta. «Far såg at dette var tungt arbeid, difor laga han ei inn- retning så me kunne få røra osten kald med vasskraft og det letta arbeidet mykje». Restar av dette drivverket, aksling og tannhjul heimelaga i tre, kan ein framleis sjå litt av under nokre bylgjeblekkplater her. Artikkelen har fleire bilete, bl.a. av huset som hadde to etasjar. Kyr i fyrste høgdi og geitene oppe. I eine enden av huset var skotet i fyrste etasje og soverom oppe, tilbygget inneheldt vasskjøling frå elvi. «I 1950 åri tok så mangt til å endra seg… utviklingi bar i den lei at alt vart meir lettvint, og pengane var lettare å tena på andre område…til slutt vart det ikkje noko anna å gjera enn å slutta med geitestiet. Seinare gjekk far min over til sauehald som krov mindre arbeid, og stølshuset vart ståande ubrukt. Eg tykte det var litt vemodig at det måtte gå slik».

Maria (har no namnet Gjerde Ese) har og ein lesverdig artikkel i Programbladet til Esefjorden rundt 2008 om stølslivet her og i Langedalen. Fornøyeleg er det bl.a. å lesa om då broren skulle henta hestane til arbeid. «Hestane gjekk og beita nede ved båtstøene, men då bror min kom med grima og skulle setje den på, trekte hestane seg unna, dei vassa ut i sjøen og sumde over til Kjenes. Han laut berre ta beina fatt og gå rundt Botten og bort på den andre sida.., men då han på nytt tok fram grima, slengde hestane med hovudet og strauk hovmodige til fjords att og sumde attende til båtstøene». Ja, kven vil bryte av eit godt måltid og gå til hardt arbeid. Hestar er kloke dyr og forsto kva det vilde seia når dei såg grima. Men no må me vidare. Når me kjem opp reina er det flatt å gå igjen eit stykke framover. På venstre side ned mot kanten 50 – 60 meter før me når fyrste bekken er det eit gamalt beslag i jern i ein stor stein. Det er ein ring og det har vore ein til som hol i steinen visar. Her fortel ein at bommen til rennestrengen frå Gulleplestølen var festa, retninga peikar og dit. Bommen og strengen er her vekke, men på stølsvollen der oppe er strengen synleg ein par plassar i bakken og i lii nedanfor. Det er bra langt, men ein trengde nok her mindre ekstra tiltak for oppbremsing av farten på varene då strengen som terrenget visar må ha flata godt ut her nede. Noko som og er meg fortalt. Varene kunne sjølvsagt ikkje gå med full fart i bomm og festeanordning og ein kunne ha ymse tiltak for å bremse farten ned.

Her er og restar etter andre strengjer i området, noko ligg i bakken og andre heng i lufi. Her var bl.a. slåtteteigar høgt oppe i lii til høgre her. Ein av desse teigane heiter Vikjaslåtten, då det var folk frå Vik som kom og slo graset her. Desse strengene var viktige når det gjaldt å få frakte stølsprodukt, høy, ved, m.m. ned, ofte frå bratte og uframkomelege plassar elles. Vidare no kjem me til to – tre små bekkefar. Her ser ut til å vera vatn og når det er turt. Litt oppe og bortover flaten frå her til over stølen ved Busetereina, er det merke etter ei grøft der ein henta vatn til stølen. På reinekanten er restar etter eit lite basseng og herifrå er det ei røyr ned til stølshuset. Litt stigning er det no oppover før me når Dalen 180 moh. Her endar dalføret brått og dramatisk med bratte fjell på alle kantar. Men her er og eit vegkryss. Opp til høgre gjekk stølsvegen til Grønengstølen, om lag 700 moh., i eit bratt skogparti. Anna Hatlem, f.Grøneng, skriv interessant om dette i Programbladet til Esefjorden rundt 2008. «Stølen har mange namn: Grønengstølen, Mellom Elvane, men den heiter eigentleg Øvre–Botn». Ho fortel at det er så bratt at ein måtte gå med dyri omvegen om Yglebotn, ned til Gulleplestølen og bort. Opp her har vore ein av vegane til Keipen og, men er no lite brukt. Her har rasa ein del, er attgrodd og ein bør vera godt kjend og forsiktig for å gå her seier dei som kjenner forholda no. Men me skal no mot vest, mot Yglebotn. I den retning ser me frå venstre Furehaugen så gjelet og elvi og til høgre for det går vegen opp.

B – Opp til 1885 – steinen

Vegen var ferdig i 1885. Årstalet er hogd inn i ein stein halvveges opp til der ein tek av mot Gulleplestølen Foto: Einar Målsnes

Me går over elvi og fyl den grøne ryggen på andre sida og øvst her tek vegen og stigningi til. Ikkje så langt opp der dei fyrste steinhellene er ser me til venstre ein del jernskjener. Steinar Grøneng fortel at desse skulle fram i Yglebotn til bru over elvi der. Grunnen var at når skytebana kom var det ikkje så godt å bruka stølsvegen deira fram der. Den gjekk fram på den sida av elvi og opp på Furehaugen og vidare til Kvangrehaugen. For å koma til beite på den sida av dalen skulle dei no bruka vegen me går og så få bru over til andre sida framme i dalen. Skjenene kom ikkje lenger enn hit og ligg her den dag i dag. Her er god stigning no oppover og fleire parti med trappetrinn, men likevel bra å gå om mange av steinane har flytta på seg gjennom alle desse åri. Når me kjem opp og det flatar litt ut er det ein stor stein tett ved vegen og her er årstalet 1885 hogge inn. Det er altså no i 2016 131 år sidan. I BBII står det at Gjerde og Grøneng hadde vanskar med vegen til Langedalen. Difor arbeidde to mann frå kvar av gardane tre månader to år på rad med vegen. Halvveges opp dalen er det ein heller og her låg dei når dei arbeidde vegen. «Heime på garden dreiv konene og borni med onnearbeid. Det viser kor høgt dei verdsette desse fjellbeiti den gongen. Vegen var ferdig i 1885, og det var fyrste året desse gardane stølte der». Gunnvor Høydal, f.Skrenes, fortel at farfar Anders Tveit, gift med bestemor, kom frå Ytre Sogn og var dreng i Gjerde mange år, arbeidde på vegen. Me går noko litt vidare til me ser ei raud pil måla på ein stein midt i vegen. Her forlet me vegen til Yglebotn og skal opp til høgre og mot Gulleplestølen. Vidare fram mot Yglebotn er det og parti med trepper og godt opparbeidd veg, men og rasparti der alt er vekke.

C – Opp til Gulleplestølen

Gulleplestølen ligg 541 m.o.h. Foto: Helge Pedersen
Panoramautsikt frå Gulleplestølen utover Esefjorden Foto: Helge Pedersen

Frå vegkrysset her med den raude pili er det eit kort og bratt stykke fyrst, så flatar det ut litt bortover før den siste lii opp. Heilt opp under stølsvollen er det ei kleiv der ein kan sjå fleire merker etter mineborhol så her har det vore sprengt og arbeidd for å få brukbar veg. Så er me der og får ei storslått utsikt som lønn for strevet opp. Stølsvollen er ikkje stor, husi er borte og berre tre små tufter er synlege. I BBII står det at denne stølen vart teken i bruk i 1860. Johannes Bondevik fortel at mor hans Kari, f. 1913, var med budeia Gjørid Kvalheim som småjente på stølen her, det må då ha vore tidleg i 1920 åri. Johannes hugsar ikkje noko hus her, berre restar av treverk. Ser me oss rundt er det eit mektig og storslått panorama. Mot aust Tjugatoten, mot nord Keipen, bak oss Gulleple, framføre oss Ygledalen, i sør Vindreken og utover Esefjorden med Sognefjorden i bakgrunnen.

Her er godt rekkje vidare, men litt langt mellom merki når ein kjem over skoggrensa for dei som vil høgre opp. Har ein meir styrke og energi ventar Keipen høgt der oppe. Men me tek no på heimveg etter ein god pust i bakken.

Til Langedalen

Framfor selet på Kaldosstølen sommaren 1945 - mellom Langevatnet og Kaldosvatnet. I tillegg til ei budeie frå Arnafjorden og ei frå Aurland, er det medlemmer frå tre familiar: Familien Gjerde (Balestrand), familien Colleander (Høyanger) og familien Indrebø (Høyanger). Frå høgre mot venstre: Anders Gjerde, Randi Gjerde, Turid Gjerde (9 år), Ingebjørg Nese (Arnafjorden), Gustav Colleander, Ingeborg Colleander, Liv Indrebø, Ole Henrik Indrebø, Janna Bjelde (Aurland), Lars Gjerde, Svein Indrebø og Alfred Colleander. Eigar: Turid Farnes

Eg har ikkje vore i Langedalen, men heilt sidan me flytte til Balestrand i 1969 har eg høyrt om denne sagnomsuste stølsdalen. BBII seier at det er mange spor etter stølsdrift i Langedalen, og når det gjeld historie, stølsområder og vegen dit har bygdeboki fleire sider med stoff. «Frå siste del av 1700-talet gjekk det beist og beitte i Langedalen. Innimellom var det avbrot, men i lange bolkar var det stor drift i dalen. I 1914 drog siste budeia frå dalen.. 1914 var siste året Bale, Sjøtun og Fjærestad stidde i Langedalen. Grøneng og Gjerde slutta før århundreskifte». «Alf Lee og Einar Fjærestad drog til Langedalen over Munkeggi med to kviger tidleg i 1930-åri.. etter dette var det årvisst å dra til Langedalen med ungdyr og gjeldkyr frå gardane Askelund, Fjærestad, Sjøtun og Bale.. I 1930-40 åri vart stølsdrifti i dalen teke opp att av Andres Gjerde mellom Kaldosvatnet og Langavatnet. På stølen gjekk då kyr, geiter, sauer og hestar. Ost og smør vart frakta på hesteryggen til Trallebana på Novi ovanfor Høyanger og levert til Høyanger meieri..1945 var siste året med stølsdrift ved Kaldosen». Om dalen var ein god stølsdal var vegen dit både lang og krevjande med farlege parti både for folk og dyr. Bygdeboki har fleire dømer på det. Ein tur med kløv Fjærestad-Langedalen tok om lag 7 timar. Vidare kan me lesa, «Når dei mjølka, måtte budeiene føra rekneskap med kor mykje mjølk dei fekk til kvar eigar. Om hausten skulle oppgjeret ordnast, og då rekna dei ut delingi av avdråtten etter mjølkemengdi til kvar eigar. Med dei gode beiti i dalen var dei nede i 23 liter mjølk på smørkiloen. Avdråtten vart henta annakvar veke veke for dei som hadde hest. Dei som måtte bera, tok turen oftare,.. Det var berre smør og ost dei bar heim. Saup og myse let dei kyrne drikka».

I programbladet for Esefjorden Rundt 2008 skriv Maria Gjerde Ese om turen opp til stølen ved Kaldosvatnet i Langedalen. «I juli månad bufor budeier og heile buskapen dit opp. Det var ein lang og strevsam tur både for folk og fe. Først opp den lange Yglebotn, deretter forbi Soleibakkane og så opp det hardaste stykket Krokane som var så bratt at nasen nesten streka. Så var ein på høgda og det bar nedover langs 6 fjellvatn til ein kom til Kaldosstølen som låg mellom Langevatnet og Kaldosvatnet. Denne turen tok ein heil dags gange.. for kyrene var det vanskeleg å fare gjennom Yglebotn og opp Krokane, så dei laut buførast opp frå Fjærestad i Holmen og over Munkeggi». Vidare fortel ho om den dramatiske heimreisa siste gongen dei støla der: «I 1946-47 vart det heilt slutt på stølsdrifta på Kaldosstølen. Det vart for strevsamt og vanskeleg, og for langt å buføre. Dårleg og ustabilt ver gjorde og sitt. Fjellet er ikkje å spøkje med når uveret set inn. Ved siste buføra heim frå Langedalen viste fjellet seg frå si dårlege side..heimreisa var førebudd og alt var klart..no gjekk dei og drygde turen i von om at veret skulle bli betre, men det vart det ikkje. Tvert imot tok det til å snøa på fjelltoppane, og det auka berre på. Vind, regn og hagl piska kring selnovene.. far våga ikkje å setja over fjellet med buskapen i dette veret..han skjøna at det hasta med å koma seg ned frå fjellet, difor bestemte han seg for å ta kortaste vegen ned frå fjellet og snøen. Han ville heller gå langs fjorden der det var snøbart. Difor bar det ned til Lånefjorden og innetter strendene.. Heime gjekk mor og var uroleg..ho såg mot fjella der snøen la seg på toppane og nedetter fjellsidene..far hadde varsla ho om det som skulle skje..men likevel fekk ho ikkje folk og dyr ut or tankane. Til slutt kom ho på at ho skulle ringje til Kristen Lønne i Lånefjorden og spørgje om han hadde sett noko til geitene. Då såg me ho lyste opp. «Ja, svara han. Her for forbi ei skrei med geiter som ingen ende ville ta, ei og ei, nett som dei var tredde på ei snor». No vart det glede i stova på Gjerde, kaffikjelen kom på og roa senka seg. Men det var enno langt att å gå. Det vart seint på kvelden og me yngste måtte gå og leggja oss. Dei eldste fekk gå til møtest med følgjet..Dei var nok trøytte og medtekne etter den lange ferda. Det var geitene og. «Sjå, dei har gangsperr», sa Ingebjørg.. Neste sommar var det inga buføring til Langedalen». Vegen gjennom Yglebotn er den kortaste til Langedalen, om Lånefjorden og inn etter strendene den lengste, men heim måtte dei når uveret stengde i fjellet.

Stølsliv

Å ha ein god støl var svært viktig for drifti på ein gard. Her er ikkje rom for så mykje, men litt vil me nemna. Mange har skreve om dette både lokalhistorisk og elles så det er godt dokumentert. Og i høg alder lever det enno fleire som var med på dette krevjande arbeidet. Tidlegare Stortingsrepresentant Kåre Øvregard har skreve ei svært omfattande og innhaldsrik bok om stølar og stølsliv i Luster kommune. Denne boki har og mykje om stølar og stølsliv generelt; historikk, typar stølar, arbeidsmåtar, produkt, m.m. Han skriv mellom anna at årsaker til at stølsdrifti tok slutt etter andre verdskrig var fleire: «vanskeleg å skaffe arbeidsfolk til dette arbeidet..ein fekk betre tilbod om arbeid i industri og servicenæringar.. mekanisering av landbruket..og kanskje det aller viktigaste at den moderne meieridrifta kom i gang..det som var livsnaudsynt for 75 år sidan er ikkje å finna i bruk i dag. Dette er ikkje berre negativt. Slitet og strevet forfedrene våre måtte gjennomgå for å overleva ynskjer ingen attende. Men ein del av dei livskvalitetane og sjølvbergingstanken dei bygde eksistensen sin på kunne me heilt sikkert hatt god nytte av i dag også». Budeia var bas på stølen, det var ofte husmora på garden eller ei anna erfaren kvinne som kunne dette.

Stølsdrift i Esebotn Eigar: Maria Gjerde Ese

«Hovudarbeidet til budeia var å mjølke kyrne og geitene, stella mjølka og laga smør og ost. I eldre tid var det stort sett smør og gamalost… ysting og koking av brunost er av heller ny dato i bygdene våre». Etter ein ofte lang og hard vinter var tida på stølen viktig for dyri og garden. «Det viktigaste for bonden var å greia livberga flest mogeleg dyr om vinteren, for det var sommarbeite som skulle gje bonden innkome og vederlag for arbeid og slit gjennom heile året. Tida på stølen var særleg viktig». I helga når arbeidsfolk på garden hadde fri kom dei ofte opp på stølane og stundom var det stølshelg med mykje god mat og aktivitetar. Kristne møter og Gudstenester var det og på somme stølar i Luster fortel Øvregard. Noko eg og hugsar far min fortalde frå Fjærland. I BBII kan me lesa frå Langedalen: «Jacob Sverdrup heldt ofte preik når veret var godt. Han sto då på ein stein». Guds Ord og Åndeleg mat skulle folket ha og om dei var i fjellet om sommaren. I dag er mange stølshus til nedfalls eller vekke og berre murane står att som mektige monument etter denne tidi med all aktiviteten som var. Det ein no kan møte på ein stølsvoll er kanskje sauer om noko, men ingen budeie og hjelparar i arbeid inne og ute med alt som måtte gjerast. Nokre hus er rett nok haldne vedlike og tekne vare på til hytter og fritidshus og bra er det. Og mange av stølsvegane er no nytta som turvegar i flotte landskap til glede og helsebot både for fastbuande og turistar. Boki Opptur Sogn og Fjordane har blant fleire turar frå kommunen med turen til Keipen. Her ser ein at første opplag har ruta merka opp via Yglebotn, mens seinare opplag markerar turen opp til Keipen om Gulleplestølen. God tur i eit storslått landskap.

Kjelder: