2007 Turistskip i Balestrand og Esefjorden

Cruisefarten til Balestrand kan delast i tre hovudperiodar. Denne greina av norsk reiseliv har sidan dei første prøvande forsøka i 1880 åra og fram til i dag, berre avbroten av stillstand under dei to verdskrigane, vore prega av stabil og god vekst. I tida fram mot første verdskrigen og i mellomkrigstida, hadde Balestrand stort sett same utvikling som dei andre reisemåla turistskipa besøkte. Skipa kom og attende til Balestrand etter 1945. Men til skilnad frå kjende reisemål som til dømes Geiranger og Flåm, der cruisetrafikken framleis hadde jamn og god utvikling, vart det frå slutten av sekstiåra , etter kvart færre skip som ankra opp i Esefjorden eller unanfor Holmen. Når eit turistskip i dag skulle ankre opp i Balestrand i turistsesongen, vert dette nærmast sett på som ei hyggjeleg overrasking. Folk som har levd ei stund ville nikke attkjennande, og minnast ei tid då turistskipa var eit fast innslag i det sommarlege Balestrand.

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe, seinare Fylkesbåtane , starta i 1858 opp regulere seglingar mellom Bergen og Sogn, og Balestrand vart tidleg ein sentral stoppestad. Seinare vart det òg sett opp eigne ruter for turistar mellom Bergen og Fjærland i turistsesongen. Båtane gjekk innom Vadheim, Vik og Balestrand. Dette var ikkje cruisefart i normal forstand, men båtrutene vart organiserte som eit tilbod til dei same reisande som cruiseoperatørane satsa på. Turistar som hadde teke denne reisa fortalde gjerne om opplevingane sine når dei kom heim, og slik vart desse gode marknadsførarar for den nye cruisefartnæringa, som etter kvart tok form.

Fram til første verdskrigen

Det vert fortalt at det første turistskip som kom til Balestrand skal ha vore yachten til ein rik engelsk lord i 1872. Om skipet ankra opp i sjølve Esefjorden er ikkje kjent. Adelsmenn og nyrike finansfyrstar skaffa seg segl- og dampyachtar som dei brukte til ferie og rekreasjonsreiser i Middelhavet, Austersjøen og på Norskekysten. Men her er det tale om einskildpersonar eller familiar, gjerne i følgje med vener som sjølvsagt ikkje betalte for reisa.

Britiske reisande var i fleirtal i tida fram mot første verdskrigen, men etter kvart fann og tyskarane vegen til Noreg. Keisar Wilhelm II er tillagt mykje av æra for dei tyske turistane si interesse for Norge i denne perioden. Sjølv om han ikkje tok til med faste reiser til Balestrand før sommaren 1910, er keisarskipet ”Hohenzollern” sine besøk i Esefjorden godt fotodokumenterte. Den første ”Hohenzollern”, som var ein hjuldampar, vart for saktegåande og umoderne for keisaren når han skulle leia flåteøvingane sine.

Den nye ”Hohenzollern” bygd ved Vulcanwerft i Stettin i 1892, var på alle måtar eit moderne skip som stetta keisaren sine krav til handlekraft og komfort. Skipet hadde elektrisk lys og innlagt vatn i alle lugarar. Med toppfart på 20 knop, og utstyrt med hurtigskytande kanoner i ulike kaliber, var ”Hohenzollern” eit av dei raskaste skipa i keisarmarinen.

Britiske og norske reiarlag var stort sett einerådande som cruiseoperatørar i tida fram mot 1890, deretter kom tyskarane inn i marknaden, men også skip frå andre nasjonar fann vegen til Balestrand. I avisa ”Sogningen” datert 13. august 1912 kan vi lese om det austerrikske turistskipet ”Thalia” sitt besøk i Balestrand. Dette var tre år før kraftverket i Ese stod ferdig, og bygda hadde enno ikkje fått elektrisk straum. Overskrifta til avisartikkelen var: ”Praktfull illuminasjon på sjøen ved Balholm på kongens fødselsdag lørdag den 3 august”. Avisa skriv vidare:

”Kapteinen på det austerrikske skipet ”Thalia” hadde frå klokka ti til klokka tolv om kvelden arrangert ein stor illuminasjon av skipet. Det var lagt ei elektrisk leidning med lyspærer rundt heile rekka, frå forstamnen, opp i begge mastetoppane og ned akterut. På tre dampbarkassar og fire båtar var det hengt opp orientalske lamper, ca 10 stk på kvar båt. Klokka halv elleve var alle passasjerane på plass i båtane som vart slepa av ein dampbåt som førde dei sakte rundt skipet. På ein av båtane vart det spela italiensk mandolin- og fiolinmusikk. Samstundes vart det sendt opp ei mengd rakettar frå ”Thalia”, og det vart tent bengalske lys fleire plassar om bord. Innimellom vart det spela solo på horn frå ein båt som låg for seg sjølv ute på fjorden. Frå Kviknes hotel vart det svara med fyrverkeri og kanonslag. Alle hotellgjestene var på beina, samt ei mengd bygdefolk som aldri før hadde sett eit slikt syn. Kvar gong flotiljen passerte forbi hotellet og bryggja vart det utveksla hurrarop og klappsalver frå begge sider”.

Mellomkrigstida

Mange passasjerskip, særleg britiske, gjekk tapt under første verdskrigen. Fleire skip vart ombygde til troppetransport og egna seg lite til cruisefart før etter omfattande ombygging. Nesten alle tyske passasjerskip vart fordelte mellom dei allierte som krigsskadebot.

Sommaren 1922 var det tidlegare tyske skipet ”Meteor” attende i norske farvatn. Denne gongen under norsk flagg og tilhøyrande Det Bergenske Dampskibsselskab. Skipet var ofte i Balestrand, og er fotografert framfor kaien i Holmen.

S/S "Orion" i Balholm. Her ligg skipet i Esefjorden. Fotograf; Norddal (Tietz), Kåre Eigar: Per Kvikne/Fylkesarkivet

Eit anna skip som vart fotografert fleire gonger i Esefjorden var ”Arandora Star”. Skipet var britisk og tilhøyrde Blue Star Line. Eit anna britisk turistskip ”Orion” kom til Esefjorden i 1930 åra. Fotograf Kåre Norddal sitt bilete av skipet vart nytte som postkort frå Balestrand i mange år. ”Orion” vart bygd i 1935, tilhøyrde Orient Line, og var det første britiske passasjerskipet som hadde aircondition i alle fellesrom.

Det tyske skipet ”Monte Cervantes” tilhøyrde Hamburg-Sydamerikanische D/S Gesellshaft (Hamburg Syd), og var eitt av i alt fem skip som alle hadde namn som tok til med ”Monte”. Av desse var også ”Monte Rosa” fleire gonger til Balestrand. Hamburg Syd spesialiserte seg på billigturar for tyske turistar, og utførte turar for Deutsche Arbeitsfront Organisasjonen stod bak ”Kraft durch Freude”, eit propagandaprega ferie-tilbod til tyske arbeidarar i 1930 åra. Det vart m.a. laga filmaviser frå cruise-reisene til Norge som vart viste på kino i Tyskland. I ei av avisene er det opptak frå eit skip som passerer Kvinnefossen og styrer mot Esefjella og Holmen og ei metallisk stemme som lovprisar innsatsen til dei tyske arbeidarane og det fantastiske landskapet dei seglar gjennom. Dette skulle gi kraft og fornya styrke slik at dei kunne produsere enno meir for det tyske riket. Desse cruiseturistane fekk ikkje stige i land nokon stad og kan vere noko av forklaringa på at turane var forholdsvis billige.

I førstninga leigde turistane sjølve båtskyss når dei ville i land. Denne båtskyssen vart utført av bygdeungdom. Ikkje alle tykte at denne skyssinga var av det gode, og i avisinnlegg kunne ein lese om kva farar dette førde med seg. Det vart hevda at skyssinga kunne føre til at nødvendig onnearbeid ikkje vart gjort fordi pengane kunne tenast lettare på skyssarbeid. Etter kvart vart turistane sette i land med motorbarkassar. Etter at vegen rundt Esefjorden vart ferdig, etterspurde mange turistar hesteskyss, og i 1929 skipa bøndene eige skysslag. Det vart likevel ikkje arrangert overlandturar for cruiseskipsturistar i Balestrand. I eldre tider då skipa av og til kunne bli liggjande i fleire dagar, kunne passasjerane ta dagsturar til Fjærland for å sjå på isbreane. Mange skip ankra og opp i Fjærland, og bøndene der kunne tene gode pengar på hesteskyss med turistar til breane.

Etter andre verdskrigen

"Andora Star" liggjande i Esefjorden i 1932 Eigar: Eldbjørg Sande Melkild, Fylkesarkivet

Med utbrotet av den andre verdskrigen vart turistskipa borte. Mange fekk nye oppgåver som troppetransportskip, andre låg i opplag eller vart nytta som hospitalskip. Fleire vart senka. ”Arandora Star” frakta engelske, franske og polske soldatar til England frå Nord-Norge etter kampane ved Narvik i byrjinga av juni 1940. Om lag ein månad seinare, på veg til Canada, vart skipet torpedert vest for Irland. ”Orion” overlevde krigen. Skipet vart nytta til troppetransport og frakta soldatar både i Europa, Afrika og Asia. ”Monte Rosa” frakta soldatar, men vart og nytta til fangetransport, og som hospitalskip. Skipet vart overteke av britane som krigs-skadebot. Under namnet ”Empire Windrush” kom skipet i brann og forliste i Middelhavet i 1954. ”Meteor” overlevde ikkje krigen. Skipet var i tysk teneste, og vart utsett for eit russisk flyåtak utanfor Pillau i mars 1945, og vart ikkje sett i stand att .

Det engelske turistskipet "Caronia" ligg utanfor Balestrand Eigar: Reidar Skjolden/Fylkesarkivet.

Etter andre verdskrigen var det framleis engelske, tyske og norske skip som kom hit. No gjekk skipa ikkje så ofte heilt inn i sjølve Esefjorden, men ankra i staden opp framfor Holmen. Frå 1950 talet kan nemnast engelske skip som ”Arcadia” og ”Caronia”. Tyske reiarlag kjøpte i denne perioden inn eldre skip frå andre land som vart pussa opp og sette inn i cruisefart. Eit mindre tysk skip som ofte låg i Esefjorden i desse åra heitte ”Nordland” som var eit tidlegare norsk hurtigruteskip. Sommaren 1960 kasta eit langt svart skip med kvitt overbygg og to gule skorsteinar anker i munningen av Esefjorden. Det var ”Berlin”, som tidlegare hadde vore svensk under namnet ”Gripsholm”. Skipet var bygd i 1925, hadde dei klassiske linjene til dei gamle Atlanter-havsdamparane, og hadde i mange år segla mellom New York og Gøteborg for Den Svenske Amerikalinjen. Greta Garbo kom heim til Sverige frå USA med dette skipet i 1946.

"Sognefjord" og "Stella Polaria" (for anker) utanfor Holmen. Fotograf: Kåre Norddal Eigar: Jan Talsethhagen

”Acropolis” og ”Olympus” besøkte fleire gonger Balestrand tidleg i 1960 åra. Skipa som var bygde i mellomkrigstida, vart sette i fart som cruiseskip under gresk flagg. Norske ”Bergensfjord” låg her fleire gonger, men ”Stella Polaris” og Bergenske Dampskibsselskab sin nye ”Meteor” var mellom dei norske skipa som hadde flest besøk i Balestrand i 1950 og 60 åra. ”Stella Polaris” vart bygd ved Gøtaverken og levert til Det Bergenske Dampskipsselskab i 1927. Skipet vert av kjennarar rekna som eit av dei vakraste skipa som nokosinne er bygd. Samspelet mellom skrog, overbygnad, master og skorstein, gav skipet ein usedvanleg harmonisk utsjånad. Skipet var i fart til 1969. På turane til Sogn kom alltid ”Stella Polaris” inn fjorden til Gudvangen eller Flåm tidleg om morgonen. Ut på ettermiddagen kom skipet ut att, og la kursen tett oppunder Kvinnefossen før det kasta anker i munningen av Esefjorden framfor Holmen. Etter nokre timar letta ”Stella Polaris” anker og seig sakte utover langs stranda, ofte med lamper i alle fargar lysande over skipet i den stille sommarkvelden.

Turistar og bygdefolk går ombord i joller frå Keisartrappa Eigar: Per Kvikne/Fylkesarkivet

I land og ombordstiging frå turistskipa sine motorbarkassar gjekk føre seg på ein eigen kai, til dagleg kalla ”jollakaien”. Kaien er i dag nesten borte, var bygd på nedsida av Kviknes’ Hotell i området der inngangen til Natthuset er no. Det tok som regel ikkje særleg lang tid frå eit skip ankra opp og dei første turistane steig i land, før det utvikla seg eit eige miljø ved jollakaien. Ungar og vaksne var straks ”på pletten.” Dei vaksne heldt seg gjerne noko meir i bakgrunn, medan ungane som var mest nysgjerrige og gjerne ville ha med seg alt som gjekk føre seg, søkte heilt fram på kaikanten. På land spaserte turistane rundt i Holmen, eller gjekk tur innover Esevegen eller utover mot Skåsheimselva. Av og til, særleg i mellomkrigstida, hende det at nokre av passasjerane frå turistskipa tok turar i fjellet. På 1950 og 60 talet hadde leikarringen i Balestrand ofte danseoppvisning for turistane som kom i land frå turistskipa. Det hende og at leikarringen vart frakta ut til skipa og dansa om bord.

Nye turistgrupper og nye cruisetilbod

Det finst ikkje noko oversyn over dei turistskipa som har besøkt Balestrand og Esefjorden. I denne framstillinga er berre eit utval nemnde. Fleire andre kunne ha vore omtala. Turistskipa kjem framleis til Sogn, men seglings-mønsteret har endra seg. Flåm har vorte den store stoppestaden, eller destinasjonen som det heiter. Dette skuldast ikkje minst Flåmsbana sin stigande popularitet som turistbane i åra etter krigen. I Flåm er det og bygd djupvasskai. Andre bygder som Luster, Sogndal og Vik har òg teke opp spørsmålet om bygging av kaiar for cruiseskip.

MS Grace i Esefjorden 2006 Foto: Liv Rege Engan

Mange ser føre seg ei utvikling som går mot færre men større skip i våre farvatn. I dei seinare åra har vi likevel sett einskilde reiarlag som satsar friskt på mindre fartøy og besøk utanom dei tradisjonelle reisemåla. Dei gamle hurtigrutene ”Nordstjernen” og ”Lofoten” har vore i Sogn på slike cruise, og sommaren 2006 låg ”Grace” oppankra i Esefjorden. Dette er eit mindre skip bygd i gammal stil som vert nytta til spesielle cruise i øvre prisklasse. For sommaren 2007 annonserer Hebridian International Cruises ein tur frå Bergen til Sogn i tida 18. til 25. juli. Turen vert utført av eit mindre skip som går til Balestrand, Sogndal, Lærdal, Fjærland og Vik før det returnerer til Bergen.

Med etablering av reiselivsmuseum, endring i turistane sitt reisemønster, og auka fokus på fjordopplevingar og kvalitetsturisme, kan Balestrand etablere seg som ein spennande destinasjon i denne spesielle marknaden. Eit slikt reisemål kan og framstå som eit godt alternativ til den masseturismen vi kan sjå tendensar til i Geiranger og Flåm, der store grupper reisande hastar kvilelaust forbi, overstyrde av strenge tidsfristar.