2005 Sprang det dinosaurar rundt Esefjorden før i tida ?

Figur: Geologisk tidsskala Kjelde: Geologisk Museum, Universitetet i Oslo

Ei kort geologisk forklaring om landskapet rundt Esefjorden. Geologi er læra om korleis jordkloden er danna, samansett og har utvikla seg. Vi deler jorda si utvikling inn i tidsperiodar.

Vi vandrar i eit gneisområde

Forkastning frå Dragsvik Foto: Helge Henriksen

Berggrunnen i Balestrand høyrer til grunnfjellet. Dei viktigaste bergartane i grunnfjellet er gneis og granitt som begge inneheld kvarts, alkalifeltspat og biotitt som dei vanlegaste minerala. Dette er gamal berggrunn og vart danna i jorda si urtid – prekambrium. Grunnfjell, gneis og gråstein, nyttar vi gjerne om kvarandre i dagligtale, og vi tenkjer gjerne på noko grått og kjedelig. Gneisar kan vere grå, men dei er likevel ikke kjedelige. Studerer vi dei nærare viser dei kva som har skjedd djupt nede, under høgt trykk og temperaturar på 600 til 700 celsiusgrader. Typisk for ein gneis er vekslinga mellom lysare og mørkare lag, som kan opptre i cm til meterskala. På vegen rundt Esefjorden vandrar vi i eit gneisområde. Nokre stader langsetter vegen stikk grunnfjellet fram i dagen, t.d. etter Tjugum kyrkje, nær Presthola, mellom Nesheim og Teigen og etter Ese Bygg.

Granittisk bergart frå Esebotn. Det svarte er relativt store korn av biotitt, det raudlege er alkali-feltspat, det mjølkekvite er plagioklas-feltspat som ofte opptrer i nær tilknyting til alkalifeltspaten, og det gråkvite eller skygrå er kvarts som gjerne er knudra og glassaktig. Foto Helge Pedersen

Alderen på berggrunnen i Esefjorden kjenner vi ikkje nøyaktig, men gneis frå Kvamsøy er aldersbestemt til ca. 1700 millionar år. Truleg har gneisane langs Esefjorden same alder.

Geologien og landskapet - korleis vart Esefjorden danna?

Figur: Lineament i berggrunnen i Balestrand-området. Kjelde: Lineamentskart over Norge, Norges Geologiske Undersøkelse

Satelittbilete kan gje oss viktig kunnskap om grunntrekka (lineamenta) i berggrunnen og gjer det lettare å forstå landskapet. Desse grunntrekka viser gjerne overflatespor av sprekkesoner og forkastingar i jordskorpa, bergartsgrenser eller andre svake soner i berggrunnen. På denne måten oppstår markerte terrengformer som t.d. fjellskrentar, skar, elvelaup eller rekkjer av lange vatn. Samanliknar vi lineamentkartet med terrengforma (topografien) i eit område, ser vi ofte ein nær samanheng mellom retningar på dalar og fjordarmar, og retningar til lineamenta. Dette skuldast at vatn og isbrear gjennom millionar av år har virka spesielt langs lineamenta, og gradvis forma landskapet slik vi ser det i dag.

Kartet syner at Esefjorden nok er utgraven langs eit lineament med retninga austsøraust-vestnordvest. Alderen til lineamenta i berggrunnen rundt Balestrand er uviss, men truleg er dei mange hundre millionar år gamle. Vi kjenner ikkje til at det er noko rørsle langs desse lineamenta no, men biletet frå Dragsvik ferjekai viser tydeleg at det tidlegare har vore vertikale rørsler i berggrunnen.

Gjennom jorda si medeltid vart landet her vest tært ned til eit lågt sletteland. Dette slettelandet låg litt høgare enn fjelltoppane vi i dag finn rundt Esefjorden. På denne tida låg faktisk Noreg, og Esefjorden, om lag på same breiddegrad som Spania ligg i dag. Klimaet var og varmare. I trias-, jura- og førstninga av krittida sprang her dinosaurar rundt og jakta på byttedyr.

I slutten av krittida vart låglandet overfløymd av havet og fiskeøgler tok no over jakta. I jorda si nytid (tertiær) heva havbotnen seg, kritlaga vart saman med sand og grus skola ut i Nordsjøen. Dette er noko av forklaringa på at vi i dag kan pumpe opp gass og olje på Frigg- og Statfjordfeltet. Mot slutten av tertiærtida heva dette låglandet seg opp til ei fjellvidde på over 1000 m. Neste gong du tek turen til Tjugatoten, legg merke til at toppen er relativt jamn. Dette er truleg ein rest av denne fjellvidda og syner også kor flatt området her var nokre millionar år attende.

Sidan har først elvar, og seinare isbrear gravd ut og forma det landskapet vi ser i dag. Elvane starta gravinga og laga ein dal der Sognefjorden no går. Sideelvar grov langs andre sprekkeretningar og laga sidedalar der Esefjorden, Esedalen, Vetlefjorden, Sværefjorden og Fjærlandsfjorden no går. Esefjorden er ein u-forma dal som er gravd ut av isbrear. I Esebotn endar dalen i ei bratt fjellside opp mot Gulleplet og Keipen. Denne forma er resultat av arbeidet til ein botnbre. Fjellsidene langs Esefjorden er bratte, men litt ut frå land er fjordbotnen nesten heilt flat og har ei djupne på 10-15 m. Botnen er fylt opp med lausmassar frå slutten av istida og tida etter.

Istidene

I kvartærtida meiner ein at det har vore minst 30-40 istider som veksla med mildare mellomistider. Isbrear skrapa lenger og lenger ned i fjellgrunnen og gradvis forma Esefjorden slik vi kjenner han i dag. Kvar istid kunne ha store temperaturvekslingar og landet var difor ikkje dekt av is heile tida. Vi veit mest om den siste istida som varde i 100 000 år og slutta for vel 10 000 år sidan. Då var kysten, og truleg og dei djupaste fjordane isfrie heile fem gonger ("interstadialar") med like mange periodar då isen rykte fram att (stadialar). Slik var det truleg også i tidlegare istider. Dei geologiske prosessane som har forma fjordane våre har med andre ord veksla mellom isbreane sitt gravearbeid, som gjorde fjordane djupare og fjellsidene brattare, og periodar med skred i dalsidene som gjorde fjellsidene slakare. Enkelte høge fjelltoppar stakk opp gjennom isen – såkalla nunatakar. Når vi står heilt inne i Esebotnen, ser vi ei markant kløft i himmelsynet – Keipen. Gjennom store delar av den siste istida kan Keipen ha vore ein slik nunatak.

I yngre dryas perioden (for godt og vel 10 000 år sidan) var truleg heile Sognefjorden fylt opp av ein isbre heilt ut til Solund. Klimaet vart raskt mildare og breen kalva fort opp innover den djupe Sognefjorden. Når Balestrandområdet vart isfritt, var havnivået her omlag 115 m høgare enn i dag fordi landet hadde vore pressa ned av istyngda (marin grense).

Legg merke til at ved startområdet for Esefjorden Rundt er fjorden langgrunn. Dette er ein tversgåande rygg (terskel) som er danna av ein endemorene som isbreen har skubba saman. Legg også merke til den lange muren på oppsida av riksvegen etter Tjugum kyrkje mot Esebotn. Vi ser her den same moreneryggen som fortset opp på land. Sidan havnivået var høgare i denne perioden, har moreneryggen vorte avsett på botnen framom fjordbreen.

Breane smeltar og landet stig

Busetereina ca. 50 m.o.h. Foto Helge Pedersen

Den neste store israndavsetninga som vitnar om tida då Esefjorden vart isfri finn vi framme i Esebotn. Eit stykke framme i Esebotn og legg vi merke ein bratt bakke som endar opp med eit flatt parti – Busetereina (115 moh). Smeltevasselv frå isbreen bakom førte med seg stein og grus og laga eit elvedelta der elva rann ut i havet. Ein reknar med at då Busetereina vart danna, gjekk ho tvers over heile dalen. Etter kvart som landet heva seg har elva gravd ut den sørvestre delen og avsett desse massane nedanfor som elveavsetjingar. Ei tilsvarande avsetjing finn vi òg framom busetnaden i Esedalen – Oreteigen.

Både under isavsmeltinga og i tida etter vart det avsett mykje glasimarin leire (ishavsleire) på botnen av Esefjorden. Smeltevatn frå isbreen er grått eller grønt på grunn av dei fine leir- og siltpartiklane i vatnet. I tillegg til leirpartiklane losna også stein og grus (droppstein) frå isfjell som flaut rundt på fjorden. Etter kvart som landet heva seg vart sand og grus fleire stader avsett oppå leira. Dette er strandsediment som vi finn fleire stader langs Esefjord-strendene, gjerne iblanda rasmateriale som gjennom tidene har kome ned frå fjellsidene. Tjukna på strandmaterialet er gjerne over 1 m. Der vegskjeringane går gjennom lausmassar (bortsett frå i rasviftene), og der det ikkje er bygd mur ser ein ofte slike strandsediment.

Sjølv om breane rundt Esefjorden for lengst er smelta, ligg det likevel att ein bre att i dette området. Når vi står inne i Esebotn ein seinsommardag og ser mot Keipen, ser vi ein arm av Bjørnabreen som strekkjer seg nedover mot sør. Lik nesten alle breane på Vestlandet har også denne breen trekt seg noko attende dei siste åra.

Skred langs Esefjorden

Då isen smelta, byrja skred å arbeide langs dalsidene i Esefjorden. Inne i fjorden finn vi to imponerande rasvifter som ligg på kvar side av fjorden. Båtskreda på austsida og Kjenesskreda på vestsida. Skredmassane kjem frå kvart sitt djupe gjel i fjellet ovanfor der svake soner i berggrunnen har forsterka forvitringa i periodar utan isdekke. Flaumskred og snøskred har så transportert skredmaterialet ned mot viftene ved fjorden. Gròvene som kjem ned til viftene har med seg lausmassar. Dette fører gjere til at bekkefaret vert tilstoppa, og bekken tek nye far og breier seg ut over vifta.

Gjennom tidene har store skred rundt Esefjorden ført til stor skade. Det har også hendt at snøen frå skreda ikkje har smelta før nysnøen la seg om hausten. Ei soge om Kjenesskreda er frå april 1882. Skreda kom denne gongen i stor fart, gjekk over fjorden og nådde husa på Hjelseng. Stova på plassen vart flytt noko. Lina Hjelseng, kona på plassen, sat og vov i stova då skreda kom. Ho vart ført ut i sjøen, og soga seier at ho dreiv først mot Kjenes og deretter mot Hjelseng. Dei fekk kona til slutt opp av issørpa. Ho kom seg att og levde mange år etterpå.

Raset i Ese 9. februar 1928. Foto:Fylkesarkivet

9. februar i 1928 mellom kl. 09.00 – 10.00 gjekk den årvisse Grisagrøskreda, men no meir ofseleg og tung enn folk kunne minnast. Eit gamalt segn fortalde at skreda skulle ha gått slik tidlegare. Denne februardagen vart denne segna røyndom. Skreda kom ned dalen 500-600 m brei, jaga over elva og 150 m opp bakken på andre sida. Fjøsen til Eirik Ese velta og skreda strauk langs stoveveggen. Derifrå forsette ho vidare og fylte vedhuset til Jens Ese med snøsørpe og for tett framom stovehuset. Erling Ese hadde vore i løa og drege høy. Han for inn på kjøkenet der han fortalde syskena at det hadde vore slik sterk vind at hatten fauk av han inne i løa. Ikkje før hadde han fortald dette, før løa kom sigande mot kjøkenet med stabburet føre seg. Fire kvernhus, ei bru og fjøset til Hans L. Ese i Indre Ese vart borte i skreda. Beista til Hans låg daude i fjøra, og nokre flaut ut fjorden.

Den 8. og 9. februar krevde to skred ved Bruhjell vest for Balestrand i alt fem menneskeliv.

Raset i Esebotn 22. januar 1994. Foto: Leif Peder Teigen

Laurdag 22. januar 1994 gjekk eit stort snøskred frå området under Keipen. Grønengstølen (730 m.o.h.) vart feia vekk av snømassane og lufttrykket. Delar av bygningane vart seinare funne att framom skytebana. Ei 30-50 m høg snøfonn skapte eit enormt lufttrykk nedover dalen og raserte både skyttarhuset og standplassen. I tillegg vart ca. 15 000 grantre anten velta overende eller knekte av heilt ned til sjøen.

Ras frå botnen av Fjærlandsfjorden

Vi har alt omtalt dei tjukke laga av leire på botnen av fjordane. Fjellsidene under sjøflata er like bratte som over. Det er stor skilnad på djupna i fjordane. Fjærlandsfjorden like utanfor Dragsvik er omlag 300 m djup. Mellom Hella og Vangsnes er Sognefjorden 1100 m djup. Her er det altså ein unnabakke med ein høgdeskilnad på 800 m. I øvre del av denne bakken ligg det ein leirskråning som er ca. 100 m tjukk. Dette leirlaget la fjordbreen frå Fjærlandsfjorden att på botnen når brefronten kalva like innafor Dragsvik

Figur: Undersjøiske ras i Balestrand-området Kjelde: Aarseth, I., Lønne, Ø. og Giskeødegaard, O.: Marine geology 88, 1989

Truleg har det gått fleire leirras ned denne skråninga. Til samen har meir enn 30 millionar m3 styrta ned mot botnen av Sognefjorden. Det siste store raset laga ei 25 m djup og 1 km2 stor grop på den flate botnen mellom Hella og Vangsnes. Slike undersjøiske ras dannar tsunami-bølgjer. Sidan dette raset er omlag 2000 år gamalt er det vanskeleg å avgjere kor stor denne bylgja var, men at ho skola godt kring strendene i Esefjorden er heilt sikkert. I Nordfjord vart ein liknande tsunami observert i 1983 då eit undersjøisk ras gjorde fjorden 60 m djupare mellom Stryn og Loen. Frå botnen av Vetlefjorden har det også gått fleire leirras ned mot djupare vatn i Fjærlandsfjorden innafor Dragsvik.

Det er enno mykje leire att i Vetlefjorden og ytst i Fjærlandsfjorden som ved eit større jordskjelv lett kan rasa ut i Sognefjorden og laga nye tsunamibølgjer.

Grunnvatn og kjelder i Esebotn

Grunnvatn finst både i sprekker i sjølve fjellgrunnen og i lausmassane. Langs Esefjorden ved Esebotn, og delvis ved Ese, har lausmassane vore undersøkt med tanke på grunnvassuttak. Grunnvasspegelen er kor høgt vatnet stig inne i eit hol/brønn som er i kontakt med grunnvatnet. I Esebotn er grunnvasspegelen normalt berre 1-2 m under markoverflata. Skal ein utnytta grunnvatnet i lausmassar, er vi avhengig av velsorterte massar utan for mykje finstoff. Der riksvegen kryssar elva (ved brua) inst i Esebotn er det om lag 10 m velsorterte elveavsetjingar av sand og grus. Under dette er det truleg 40-50 m med marin leire. Framover i retning Busetereina aukar tjukkleiken på sand- og grusavsetjingane til over 20 m. Slike elveavsetjingar er veleigna for grunnvassuttak.

Figur: Forenkla strøymingsliner for grunnvatnet i Esebotn. Kjelde: Henriksen, H., Rye, N. og Soldal, O: Naturen 4, 1998

Grunnvatnet i Esebotn er i hovudsak danna av vatn frå Ygleelvi som strøymer inn i lausmassane eit stykke oppe i Esebotnen. Når Ygleelvi kan virke tørr om sommaren, strøymer det enno vatn gjennom lausmassane. Vatnet renn ned gjennom lausmassane, og strøymer opp att på elvedeltaet inst i Esefjorden og i området langs med Kaldebekken. Dei siste metrane strøymer det faktisk i ”motbakke”. Berekningar syner at grunnvatnet bruker inntil 60 dagar på å strøyme dei 300 metrane frå innstrøymingsområdet og mot Esebotn Camping (sjå linjer med piler på figuren). På vegen gjennom lausmassane vert overflatevatnet frå Ygleelvi, som i utgangspunktet har god kvalitet, ytterlegare filtrert og reinsa

Den største og mest kjende oppkoma i Esebotn er Kaldebekkbudl, som kjem ut ved foten av rasvifta til Geiteskreda, tett attmed Esefjorden camping. Gróva på toppen av Geiteskreda matar truleg det meste av grunnvatnet til denne kjelda. Kjelda har forholdsvis jamn vassføring uavhengig av turke- og flaumperiodar, noko som kan tyde på at vatnet har ei nokså lang opphaldstid inne i vifta. Vassføringa varierer ein del mellom lågvassperioden om vinteren og snøsmelteperioden på føresommaren. Grunnvatnet frå Kaldebekkbudl renn ut i Kaldebekken som renn i ei rettlinja grøft ned til sjøen. På vegen blandar det seg med grunnvatnet som har strøymt gjennom lausmassane i Esebotn.

Frå gamalt av vart vatnet frå Kaldebekkbudl rekna som ekstra godt. På 1950-talet vart det vurdert å byggje privat vassverk basert på denne kjelda. 20 år seinare vurderte Balestrand kommune å byggje vassverk i tilknyting til Kaldebekkbudl. Det er ikkje utenkjeleg at vatnet frå denne kjelda kunne vore tappa som naturleg mineralvatn på flasker.

Esebotn har også vore undersøkt med tanke på uttak av salt grunnvatn, dvs. sjøvatn som trengjer inn i elveavsetjingane frå fjorden. Fordi saltvatn er tyngre enn ferskvatn vil sjøvatnet kunne trengja seg inn i den nedre delen av eit elvedelta. Undersøkingar viste at ferskvassutstrøyminga var for stor. Salt grunnvatn ville kunne vore interessant i samband med fiskeoppdrett fordi det inneheld mindre parasittar og organismar som er skadelege for fisken.

Alt tidleg på 1980-talet vart Esebotn vurdert som drikkevasskjelde. Seinare er det bora grunnvassbrønnar eit stykke nord for riksvegen. I dag er Esebotn aktuell som framtidig drikkevasskjelde for Balestrand og Dragsvik. Om få år vil truleg innbyggjarane i Balestrand drikke grunnvatn frå Esebotn. Etter oppumping og reinsing skal vatnet transporterast i nedsenka leidning utover Esefjorden og vil bli knytt til det eksisterande leidningsnettet.