2006 Løypestrengen frå utmarka

For berre nokre tiår attende var løypestrengene viktige for effektiv utnytting av utmarka i liene rundt Esefjorden. Då løypestrengen vart teken i bruk i området, var dette ei viktig nyvinning som letta strevet med transport av viktige og naudsynte ressursar frå utmarka. Bruk av utmarka og løypestreng er no etterkvart historie, og det er difor viktig å formidle noko av denne kunnskapen før det er gløymt for alltid.

I dag finn vi ikkje mange løypestrenger rundt Esefjorden, men ruslar vi langsetter lia er det ikkje uvanleg at vi går oss frampå ein av dei gamle strengene. I dag heng den ikkje oppe, men kryp i staden som ein brun, lang og buktandne makk nedetter lia. Brått forsvinn den inn under mosen for så å dukke oppatt under ei torv eller annan stad. Følgjer du strengen nedetter lia, finn du gjerne restar av strengspelet. Attmed ligg enden av strengen i kveilar.

Dette er synlege prov på at i tidlegare tider var den bratte lia oppom bøgardane ein viktig ressurs. Jordlaget mellom bergknausane var ofte både djupt og rikt på moldemne. I tillegg til innmarka var utmarka avgjerande for både gardsdrift og busetnad langs fjorden. Vi kan trygt seie at utmarka representerte ein "naturbank" for bøndene. Sal av fleire mål "by-ved" kunne gjere det mogeleg å skaffe pengar til t.d. utstyr, klede eller kanskje eit bryllaup som skulle feirast.

Når du tek turen rundt Esefjorden, legg merke til korleis dei ulike treslaga fordeler seg oppover lia. Vi stoppar nedanfor garden Instebø som ligg på oppsida av riksvegen mot Holmen - ca. 1 km etter Tjugum kyrkje. Vi tenker oss 60 år attende i tid, og frå lia høyrer vi sauer, kyr og hestar. Dyra har sytt for god og jamn avbeiting, og vegetasjonen er difor ikkje så tett som i dag. Det første skogbeltet strekkjer seg opp mot 150 m.o.h. og her er older (or) det dominerande treslaget med innblanding av svartor, hassel (hatl), alm og ask. Det også nokre eksemplar av lindetre, hegg, rogn (raun) og bjørk. Lenger oppover og aukar det på med hasselskog (hatleskog). Almen fylgjer med heilt opp til ein stad kring 400 m.o.h. der bjørkeskogen delvis saman med osp tek over (bjørkebeitet).

Desse treslaga kunne nyttast til ulike føremål, og effektiv transport nedover lia var avgjerande.

Nytting av utmarka

Høybør på løypestreng. Foto:Fylkesarkivet Eigar original: Oddvar Grønsberg

Graset i utmarka som kunne nyttast til fôr, vart slege med stuttorv og hausta heilt opp mot bjørkebeltet. Det ferske graset vart rent heim på løypestrengen kvar kveld om sommaren, og vart deretter hengt til tørk på hesjer i nærleiken av låven. Dette kalla ein markahøy, og det vart oftast nytta til sauefor.

Vi har ikkje lukkast i å få tak i bilete som syner transport på løypestrenger frå utmarksområdet rundt Esefjorden, men i staden har vi eit bilete som truleg er teke på garden Liktvor i Vik. Biletet viser ei høybør i luftig svev på veg nedover strengen.

Under slåttearbeid i utmarka hadde gjerne arbeidsfolket med seg mat som t.d. tørka sild og poteter.

Lauv som hjelpefôr

Lauvkniv Foto: De Heibergske samlinger - Norsk Folkemuseum

Lauv av or og ask var dei to treslaga som særleg vart nytta til sauefôr. Lauvskogen vart inndelt i teigar der ein lauva ein teig kvart år. Lauvinga gjekk føre seg på ettersommaren mellom høy- og håslåtten. I samband med lauving starta arbeidsdagen ca. kl. 07.30, etter mjølking og bisk (frukost), og arbeidet varte gjerne fram til kl. 18.00. Atle Instebø fortel om då han som liten gut vart sendt opp i utmarka med varm kaffi og kaffimat til arbeidsfolket. For at den varme kjelen skulle vere lettare å bere, hadde bestemora vikla den inn på ein spesiell måte i eit tørkle. Dersom arbeidsfolket var for langt oppe i utmarka, kokte dei gjerne kaffi over open eld. Å lage kaffi var kvinnearbeid både heime og i utmarka.

Snidel var arbeidsreiskapen som vart nytta ved lauving. Orelauvet vart kutta ved bakken, og ejprtre år hadde det vakse oppatt og kunne nyttast på nytt. Askelauvet vart hausta annleis. Smågreinene som vaks ut frå stuvane vart nava. Slik naving vart oftast gjort fjerde kyart år på kvar teig. På garden Instebø var det kyrne som fekk askelauvet.

Lauvkjerv til tørk Foto: Leif Hauge, Lærdal

Ofte var det mange i lag når ein skogteig vart lauva og då kappast ein gjerne. Ein vaksen kar skulle lauva 9 tju for dagen og ei jente 6 tju. (gjaldt for bjørk eller or). Her hadde ein dårleg tid, for ein kunne ikkje halda kveld før ein hadde greidd dagskvoten. Ask tok derimot lenger tid då ein måtte klyve opp i trea. Dette vart rekna som mannfolkarbeid. I eit tju var det 20 kjervar, og 6 tju vart kalla eitt lauvhundre. Det høyrde med at det skulle vere ein ekstra kjerv for kvart tju. Lauvkjerven vart bunde saman med ei vidje (vridd grein) og hengd til turk og frakta heim når dei var turre. Ein kjerv var ca. 1 meter lang. Dersom skogteigen låg slik til at det var mogleg å nytte løypesteng, vart dei turre kjervane bunta saman i bører og sendt nedetter strengen.

Almeris som hjelpefôr

I april månad når sevja steig og knuppane tok til å vekse på almen, var det vanleg at almestuvar vart nava og riset nytta til kufôr. Almeriset var saftig og kyrne sette stor pris på det. Dei grannaste greinene vart hogne ut og lagde i fôrkrybba til kyrne. Dei åt knoppane og dei tynnaste kvistane med barken på. På grovare greiner flekte kyrne sjølve av barken før dei åt den. På dei grovaste stomnane i navet vart barken flekt av ute og kappa i høvelege lengder. Dette var god kost for mjølkekyrne, i alle høve vart det vel motteke. Det heitte seg gjerne at almeris og frisk almebork gav feitare mjølk og meir smør.

Hatleskogen var bandaskog

Bandakrakk

Hatl (hassel) var det treslaget som vart "spikka" til tønneband, og desse trea var stelt og kultivert med stor omtanke. Gamal og krokut ved vart rydda bort slik at nye skot rann frå rota. På 5-6 år vart skota lange og grove nok til å kunne nyttast, men det var gjerne slik at ein hausta frå same runnen kvart år og tok etter kvart ut dei skota som var store nok til bandastakar. Slik fekk ein stadig fornying av bandaskogen. Til å ta ut bandastakar i skogen vart det nytta ei spesiell smal øks - bandaøks. For å unngå nedsnøing vart bandastakane (ca.2 m) gjerne plassert oppetter ein vegg. Under det vidare arbeidet til tønneband vart stakane først kløyvde langsetter, deretter vart dei sette i bandakrakken og spikka jamne med ein bandakniv før dei vart lagde i bandforma (57cm). Inntekt frå bandaskog var mest utbreidd på austsida av Esefjorden.

Størstedelen av dei ferdigsmidde tønnebanda vart sendt til Bygstad i Gaular som i mange år hadde ein stor tønneindustri.

Vedaskogen

Esejekta "Vindreken" frakta "by-ved" til Bergen Fotograf: Carl Tietz

I ei tid utan elektrisk straum korkje til koking eller oppvarming gjekk det mykje ved til eige hushald. Frå liene her vart det gjerne dei rasktveksande (lausvedslaga) nytta til eige bruk, medan hardved som bjørk o.l. var salsved. Vedaskogen gav vinterarbeid og inntekter ved sal av "by-ved".

Restar etter "veda-bryggja" i Ytre Ese Foto: Helge Pedersen

Jekta "Vindreken" kunne laste 80-90 mål ved. Ein lasta då både i farmen (lasterommet) og på dekk. Innover Esefjorden kan i dag sjå rester etter "vedabryggjer" der jektene gjekk inntil for å laste "by-ved" til Bergen. Ved nokre av bryggene var det for grunt til at jekta kunne gå heilt inntil brygga, og difor var det vanleg å kaste vedskiene frå bryggekanten og om bord i jekta.

Jektene nytta råsegl som gjorde at ein kunne stable høgare på dekk, men denne segltypen fungerte dårleg i motvind. Dette medførte at jektene var avhengige av at vinden kom inn bakfrå, t.d. vart vestavinden kalla "Sognabør" då denne gav jektene god bør innover Sognefjorden. For lite eller feil vind kunne føre til at turen til Bergen og attende til Sogn tok lang tid. Det vert sagt at ein gong hadde ei jekt frå Vangsnes brukt ei heile "purkagonge" (svinesvangerskap) på turen, dvs. tre månader, tre veker og tre dagar. Gamle jekteskipparar har fortalt at dersom dei hadde god "Sognabør", kunne seglturen innover Sognefjorden vere gjort på ca. 14 timar.

I tillegg til dei større jektene som frakta "by-ved", hadde ein dei mindre grendajektene, t.d. Skaasheimsbåten som i dag er på Sogn Folkemuseum.

Løypestrengene ( rennestrengene)

Vi skjøner at utmarka i liene rundt Esefjorden har vore ein viktig ressurs heilt fram til for 50-60 år sidan. Når ein i tillegg ser kor vanskelege dei bratte liene kan vere å ta seg fram i, representerte nok løypestrengene ein aldri så liten revolusjon då dei vart tekne i bruk på slutten på 1800-talet. Det var ein glatt 6-7 mm stålstreng som vart nytta. Strengen vart levert i kveilar og kappa opp i handterlege lengder, og strekt ut etter den traséen som på førehand var rydda for skog. Skøyting av strengen vart gjort ved lodding med messingstreng og boraks oppvarma med trekol.

I øvre enden vart strengen festa til ein stor trestomn eller til bolt i berg. Ved festet nede (strengspelet) gjekk strengen inn på ein trerull (trommel) kring 20 cm i tverrmål. Rullen var godt forankra mot to gode trestokkar som låg vinkerett over rullen slik at denne alltid låg støtt under desse. Framfor rullen, men oppå stokkane, vart det lagd ein stor, stødig stein slik at strengspelet i alle situasjonar var solid og trygt under bruk. Rullen hadde to gjennomgåande hol på kvar side av strengvindingane, som stod vinkelrett i høve til kvarandre, og store nok til at eit jarnspett kunne stikkast gjennom.

To personar kunne då ilag stramme strengen slik at han fekk turvande avstand til bakken langs heile traséen. Strengen vart avlåst ved at dei to spetta vart ståande att inn mot oversteinen på stengspelet. På same strengen var det gjerne 2-3 stader for påheng nedover lia. Strengen si oppstramming måtte då tilpassast etter dette. Difor nemninga strengspel (vinsj).

Strengespel til Haugastrengen Foto: Gunnar Urtegaard

Biletet syner stregspelet til den einaste strengen som no er att på garden Instebø. Strengen vert kalla Haugastrengen fordi den endar oppe i nærleiken av Ospehaugen. Strengen er eigd av Magne Nesheim. Det er litt usikkert når den var i bruk for siste gong, men truleg var dette mellom 1955-60. På Instebø var fire løypestrenger som gjekk til ulike område i utmarka. Det var vanleg at desse hadde namn - gjerne etter det området der strengen enda oppe i utmarka. Utifrå dette forstår vi at det har vore fleire løype-strenger på kvar gard rundt Esefjorden. Jens K. Ese fortel at det i Ytre Ese var omlag 10 stenger.

Transportteknikken

Gras, lauv, almeris og bandastakar vart rende i børar på ca. 30 kg. Det vanlege var å nytte eigne "rennetog" som var ein famn lange (1,9 m.

Børene vart hengde på strengen, anten med trekrokar (klufter) eller seinare jarntrinser. Ved lang transport og stor fart på børene, kunne friksjonen mellom streng og trekrok føre til at strengen brann seg gjennom kroken slik at børa gjekk i bakken før han nådde fram til strengspelet. Smørjing av strengen var såleis viktig. I den første tida var det heimeprodusert "lyse" som vart nytta. Dette var tran av fiske- lever, gjerne frå pigghå fiska på djupt vatn i Sværefjorden. Saman med jarntrinser frå den lokale smeden kom også innkjøpt feitolje og "grease" i bruk som smørjemiddel.

For kløyvingsved var teknikken annleis, her hogg ein eit solid hakk (hake) i stokken, hengde stokkane på strengen ein for ein etter kvart som dei nådde ned til strengspelet og vart henta bort. Her og måtte det smørjast, elles stogga stokken. Dersom ein sende av stad ein ny stokk med god fart, datt begge stokkane av i saman- støyten. Til slik renning trengdes øving, og mange var svært flinke til dette.

Men alt endrar seg over tid. Truleg var det like etter 1950 at siste grasbøra kom frå øvste Gullmannshaugen på Instebø. Atle Instebø fortel at saman med børa følgde det denne siste gongen kanskje med ein kvast skorakong eller bergmynte (Origanum vulgåre), denne krydderplanta høver godt m.a. til blodmat

Kanskje du no kan førestille deg korleis det gjekk føre seg når veden, markagraset, lauvkjerra, bandastakane kom susande nedover løypestrengene. Kanskje du også kan å sjå føre deg Esejekta "Vindreken" som ligg ved "veda-bryggja" i Ytre Ese og lastar kvit fin "by-ved" til Bergen?