2004 Arboretet på Lunde - ei histore over 150 år

Harald Ulrik Sverdrup

Harald Ulrik Sverdrup (1813-1891) var prest, ordførar i Balestrand og stortingsmann. Foto: Fylkesarkivet

Ordet arboret kjem arbor (latinsk) som tyder tre. Arboret er såleis ei systematisk samling av treaktige plantar, dvs. buskar og tre.

Historia om arboretet starta i 1848 då Harald Ulrik Sverdrup (1813-1891) vart tilsett som sokneprest i det nyoppretta Balestrand prestegjeld. Han tok straks til å opparbeide ein hage som etterkvart vart lagt merke til. Sverdrup ynskte å prøve ut ulike fruktslag på Lunde, og han planta difor ut tre av ulikt slag. Særleg såg pære ut til å vekse godt i prestegarden, og i ei kartlegging frå 1898 vart det talt 22 eple-, 46 pære- og 15 plommesortar. Vi kan difor seie at hagen på Lunde var den fyrste forsøksstasjonen for frukt i Sogn. Dei fleste av dei store trea i arboretet vart planta ut av Sverdrup og sonen Harald Ulrik Sverdrup (1852-1932). Utplantinga av trea skjedde på 1870-80-talet.

I ein artikkel i Bergens tidene 17. januar 2017 kan vi lese om presten Harald Ulrik Sverdrup:"Presten i Balestrand kunne mer enn sin katekismus. I prestegårds hagen dyrket han alt fra Ungarsk Aprikos til Lubeck Prinsess i prestegården."

Sverdrup var den første ordføraren i Balestrand frå 1849 til 1879. Han sat på Stortinget frå 1851 til 1876 med unntak av perioden 1871-1873. Saman med amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert og kjøpmann Jan Henrik Nitter Hansen, som begge budde på Lærdalsøyri, gjorde han opptaket til skipinga av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i 1857. Seinare frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Schübler om Balestrand Prestegard

F.C. Schübler Kjelde: Store norske leksikon

Frederik Christian Schübeler (1815-1892), professor i botanikk ved universitetet i Christiania, skriv m.a. følgjande i boka Noregs Væxtrige (frå 1886-89) om Balestrand Prestegaard:

"Jeg har troet det riktigt her specielt at omtale denne Prestegaards Have, der i sit Slags sikkerlig er enestaaende i Norge, dels for at tjene et følgeværdigt Exempel for andre, naar Forholdene maate tillade at indrette seg på en lignende Maade. Der kan neppe være noen Tvivl om, at man saaledes i en væsentlig Grad vilde bidrage til at fremme baade sit eget Vælvære og specielt Havedyrkningen, en Syssel, deri flere Retninger paa det varmeste maa tilraades baade "Fattig og Rig"".

I 1972 tok professor Oddvin Reisæter på Norges Landbrukshøgskole og dåverande prest i Balestrand Egil Steen Torbjørnsen opp spørsmålet om å sikre den verdfulle plantesamlinga som eit anneks til Det Norske Arboretet på Milde. Det er usikkert kven som først tok initiativet, men sokneprest Torbjørnsen var i åra framover ei drivkraft i arbeidet. Han fylgde opp tradisjonen til dei tidlegare prestane i Balestrand med levande interesse for plantesamlinga.

I 1973 blei det skrive avtale med eigaren av Lunde, Kirke-og Undervisningsdepartementet og Det Norske Arboret/Arboretet på Milde om oppretting av Arboretet på Lunde. Avtalen inneheldt eit punkt som sa at Balestrand kommune skulle vere ansvarleg for arboretet. Dette atterhaldet førte faktisk til at saka stoppa opp fram til 1976 då direktøren for Arboretet på Milde Paul Sødergaard vende seg til fylkesmannen i Sogn og Fjordane for å finne løysing på problema. Dette førte til at saka kom på glid att.

I april 1982 vart det inngått festeavtale mellom Kyrkje- og undervisningsdepartementet (eigar) og Det Norske Arboretet/Arboretet på Milde og Institutt for dendrologi (lære om tre) og planteskoledrift ved Norges landbrukshøgskole i fellesskap om leige av ca. 25 dekar på prestegarden til arboretføremål.

Eitt år seinare vart det underteikna ein avtale mellom Balestrand kommune på den eine sida og Det Norske Arboretet/Arboretet på Milde og Institutt for dendrologi og planteskoledrift ved Norges landbrukshøgskole på den andre sida. Balestrand kommune skal innafor ei ramme på 500 timar per. år ha ansvar for tilsyn, vedlikehald, rydding, opprusting og utplanting. Institutta skal m.a. stå for plantingsarbeidet, detaljplanlegging (geografisk ordna), levere planter, halde samlinga i stand og vitje samlinga minst ein gong per år.

Torsdag 2. juni 1983 vart det nyoppretta arboretannekset på Lunde prestegard offisielt ”opna”. Til stades var representantar frå Balestrand kommune, Nordisk Arboretutval, Noregs Landsbrukshøgskole og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Arboretet har to viktige målsetjingar: - gje informasjon om plantesamlingar, - medverke til auka kunnskap om og interesse for botanikk, dendrologi (lære om tre) og hagebruk.

Om trea i arboretet

I programbladet Esefjorden Rundt 2015 gjer Jørgen Hundseth og Ingvar Åberge nærare greie for dei ulike trea i aboretet.