2020 Esefjorden og fjella omkring ønskjer deg velkomen…

Vi skriv 2020 og kunstbygda Balestrand, med ikoniske fjell rundt Esefjorden, er på plass i storkommunen Sogndal. Alt tidleg på 80-talet tok Dag Ese til orde for å ruste opp gamle stølsstiar og turstiar i området. I dag kan vi med rette seie at kongstanken hans er fullført på ein naturvenleg måte. Dette er takka vere iherdig og kyndig innsats frå Jørgen Hundseth, med god hjelp av kommunale prioriteringar, velvillige grunneigarar og frivillige eldsjeler.Så i dag kan vi stolt ønskje alle våre nye «sambygdingar» innover fjorden velkomen til å nyte Esefjorden og fjella omkring.

Esefjorden

Denne vesle, idylliske fjordarmen strekker seg frå Holmen inn til Esebotn. Fjorden er godt skjerma og speglar landskapet rundt. Gjennom årtusen er fjorden fyllt opp av lausmasser slik at botnen ligg på om lag 14 m heilt ut til Holmen der han møter Sognefjorden med djupne ned mot tusen meter. Her ligg Sognefjord Akvarium som ei lita perle. Der finn vi Kringsjå Leirskule og Café Fløyfisken. Utsynet til Vindreken og dei andre fjella vert hevda å vere det mest måla motivet i landet. Tek vi ein runde på Kviknes hotell, kan vi nyte flotte landskapsmåleri som syner at dei gamle målarane henta motiv og inspirasjon herifrå.

Tjugatoten

Kviknes hotell lokkar gjestene sine på denne måten: «Tjuatoten er ein topp som gir deg ein fantastisk utsikt over Sognefjorden, både mot Stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger. Her kan du få eit skikkeleg sug i magen.» Tjuatoten møter deg i all si velde på ferjeferda frå Hella til Dragsvik. Her kan du vandre direkte frå ferjakaia på stien langs fjorden og opp forbi Dragsvik hotell. Kjem du med bil kan du ta vegen opp til Lunde bustadfelt. Frå parkeringsplassen her kan du følgje stien eller også gå eller køyre (mot ei lita avgift) den nye vegen opp til mastene. I år skal arkitektstudentar frå Bergen (BAS) bygge ei hytte her, tilpassa rørslehemma.

Arboretet og Lunde friluftsområde

"Reiret" er bygd av aktitektstudentar ved Bergen Arkitekthøyskole (BAS) Foto: Helge Pedersen

Arboretet på Lunde, ikkje langt frå startstreken til Esefjorden-rundt, har røter attende til den gongen for over 150 år sidan, då Balestrand vart eige prestegjeld og eigen kommune. I programheftet frå 2015 tek Jørgen Hundseth og Ingvar Åberge deg med på ei vandring i arboretet. Rett nedanfor arboretet ligg den flott opparbeidde badeplassen på Lunde. I fjor designa og bygde BAS-studentane grillhytta Reiret her. Du kan lese meir om Aboretet i artikkelen frå 2015

Skytebanen i Esebotn v/Lars Halvard Ese

Esebotn skytebane er eit fellesanlegg, eigd av skyttarlaga Nesse, Fjordane og Balestrand. Bana har i dag 10 elektroniske skiver på 200 m og 10 på 100. På bana blir det arrangert trening og interne skytingar for lagsmedlemene, trening og oppskyting for storviltjegrar, og ein del større stemner. Av store konkurransar kan nemnast minnestemner til minne om Lars L. Ese i 1961,1966 og 1980. I 1985 vart Elitefinalen arrangert i Esebotn, ein finale for dei 10 beste i Norgescupen. Og i 2011 og 2019 vart Landsdelskretsstemna arrangert på bana. Bana vart opprinneleg bygd rundt 1960, og stod uendra fram til midt på åttitalet. Då vart det bygd ferdig ny standplass og standplassbygg, til Elitefinnalen i 1985. I 1994 vart standplassen og skyttarhuset øydelagde av fonnvind frå ei stor snøskred. Standplassen kom fort oppatt, og ein starta då planlegging av ei omfattande ombygging av skytebana. Nesse og Fjordane kom inn som medeigarar; og då fekk ein fleire å dela arbeid og kostnad på. Først vart det gjort eit stort arbeid i skytefeltet og bygd ny skytevoll og grav på 200 m. Dette var ferdig i 1998. I 2005 kunne ein opna nytt skyttarhus, og i 2011 vart det bygd ny 100 m med elektroniske skiver. Siste oppgraderinga vart gjort i 2019. Då vart det supplert med fullt sett elektroniske skiver; så no er bana ferdig utbygd. I same området har Balestrand Jeger og Fiskeforening bygd leirduebane, som vart opna hausten 2019.

Keipen

Sherparane jobba fleire veker med steintrappene under Gulleplet. Foto: Terje Eggum

Ny parkeringsplass med infotavle i Esebotn ønskjer deg velkomen til den legendariske turruta Esebotn-Keipen. Den nyopprusta stien, med fleire hundre meter med gode steintrapper under Gulleple og vidare oppover i dei bratte partia opp mot Bjønnabreen, vil bli ei fyrtårnrute for fjellvandring i Sogn. I programheftet for Esefjorden-rundt frå 2016 skreiv Audun Raubotn ein grundig artikkel om «Gulleplestølen-og der omkring» som m.a. skildrar arbeidet med vegen opp til stølen som stod ferdig i 1885. Det er denne gamle stølsvegen som er første del av den merka turstien til Keipen. No er stien rusta opp og den flotte utsikta over Sognefjorden bør friste alle naturelskarar som kan føte seg.

Vindreken

Frå stien mot Vindreken med utsikt mot Esefjorden og Balestrand. Foto: Helge Pedersen

Vindreken er kanskje det mest ikoniske fjellet rundt Esefjordbassenget. Både Keipen og Vindreken har lett forståelege namn. Medan Keipen med hakket i fjellet fekk namnet etter årefeste på ein båt, trur vi at Vindreken fekk namnet etter snøføyka som vi ofte kan observere over fjellet ein vindfull vinterdag. Turstien på ryggen opp mot toppen er god men særs bratt, så dette er ikkje ein tur for dei mest tungpusta. Men kjem du deg opp, får du løn for strevet. Foto av ein glad turgjeng på Vindreken pryder framsida av programbladet.

Raudmelen

Raudmelen er målområde for det årlege motbakkeløpet Balestrand Opp. Toppenhytta Baly er designa og bygd av BAS-studentar. Foto: Jostein Risa

Stien til Raudmelen, fjelltoppen rett ovanfor sentrum i Balestrand, er utan tvil den mest brukte turruta både for turistar og innfødde. Ein turist og bloggar har sagt det slik: «Enkelte fjelltoppar kan gje eit skikkeleg vidsyn grunna den strategiska plasseringa, meir enn grunna høgda over havet. Toppen like nord for Balestrand sentrum er ein slik ein – i tillegg er den svært tilgjengeleg. Og frå denne toppen på 972 m.o.h. kan du gjere visuelt djupdykk inn fjordarm etter fjordarm i Sognefjorden» Dei siste åra er stiane i dette området rusta opp til høg standard, med steintrapper i dei brattaste partia. Med utgangspunkt i hovudstien kan du ta fleire rundturar som ender i utgangspunktet. Den nye dagsturhytta på Balestølen 400 m.o.h. ligg langs den kortaste rundturen mot Fjærestadstølen. Lenger opp langs hovudstien kjem du til Buråsi på 575 m.o.h., der du kan ta turen over skoggrensa ned mot Fjærestadstølen og vidare attende til starten ved skulen. Den lengste rundturen går over Raudmelen der den nye kvilehytta Baly ønskjer deg velkomen. Vidare går du langs egga med spektakulært utsyn og kan svinge ned til Kalbakk. Der har Bekka Skaasheim fått satt opp ein utedo for alle; designa og bygd av bygdesnekkaren Per Ove Mundal.

Vintertilbod

Skiarenaen i Saurdal gir skiglede for store og små. I tillegg kan Balestrand no lokke skiglade toppturelskarar med spennande nedfartstrasear frå topp og heilt ned til låglandet, når snøtilhøva er gode. Her kan du følgje Jørgen og Viljar på topptur til Raudmelen:

Geiteryggen passar for fjellgeiter

Her skildrar Eirik Thue ein tur til Geiteryggen mellom Keipen (lokalt "heimste Keipen") og Tjuatoten: Keipen(1417 m.o.h.) og Tjugatoten(1098 m.o.h.)kling godt i øyro for turgåarar. Men mellom desse profilerte toppane ligg ein godbit som er fullt på høgde. Geitaryggen(1119 m.o.h.) har nok fått namn etter utsjånaden, slik mange andre fjellnamn har blitt til. Har du først kome deg opp, treng du tid. Tid til å sjå. Filosofere. Sjå igjen. Kvila. Og sjå meir. Her er det villskapen som rår. Du ser Vindreken – Noregs meste måla fjelltopp - frå ein heilt annan vinkel enn det alle kunstmålarane opp gjennom åra har blitt bergtekne av. Vi har Keipenryggen,Esefjorden skremmande rett ned under oss og Raudmelen, Holmen, Vangsnes, Bleia og Sognefjorden beint fram. Det er som kjent fleire vegar til Rom. Same leksa gjeld også for Geitaryggen. Likar du å leika deg på pill roten vårsnø med ski på beina? Då er det ein veg som gjeld. Farnes, Farnesholten, Geithalsen og Geitaryggen. Denne ruta fører deg frå vårstemning ved Sværefjorden, gjennom knoppande lauvskog, opp bratte liar der vinter og vår kjempar ein durabeleg kamp om å få overtaket, opp over tregrensa og inn i ville Esefjell, som rett nok er tamme om du veit kvar du skal gå. Sværefjorden, Vetlefjorden, Menes og Fjærlandsfjorden er utsynet på denne delen av turen. Altså eit heilt anna bilete enn det som møter oss på toppen. Det kostar sjølvsagt sveitte, mjølkesyre, tid og ein del tunge pulsslag å kome seg opp og ned frå over tusen meter. Bonusen er at du kjem i form som ei fjellgeit om du legg turen til Geitaryggen.

«Speed flying - ein stille sport»

Seinsommeren 2019 kom to karar frå New Zealand inn fjorden i ein seglbåt. Dei hadde segla heilt frå Oslo, på jakt etter egna fjell til utøving av ekstremsporten sin. Speedflyging er kort fortalt flyging med små, raske skjermar. I Balestrand fann luftakrobatane eit mekka av spennande fjell. «Me hadde aldri høyrd om Balestrand, men då me kom hit og fekk prøve fjella vart vi bokstaveleg talt bergtekne» fortalte dei til Sogn Avis (30.9.2019) Eit fransk filmteam har følgt desse karane gjennom lengre tid. I fleire dagar filma dei himmelflukta ned skredrennene i Balestrandsfjella. Dette skal bli ein spelefilm som truleg vil trekke mange fleire speedflyarar og vanlege turistar til Balestrand. Denne aktiviteten bør passe godt i Balestrand der vi satser på stille, naturbasert reiseliv. Men det kan vel hende at nokon vil stille spørsmål om dette er ein aktivitet med for høg risiko.

Se dette innlegget på Instagram

Et innlegg delt av Jamie Lee - Speedflyer (@jamie_lee_speedflyer)