«Jeg er født i Bergen i [18]54. Har aldri ligget syk. Leser og skriver uten briller. Badet i sjøen til for ganske nylig og sover for åpne vinduer, vinter og sommer. Min bror, maleren professor Hans Dahl, fikk meg som ung til å gå med ull-undertøy, og det tilskriver jeg for en stor del min gode helbred. Min far, infanterikaptein H. Dahl, var heller aldri syk, og vi 5 søsken har kke hatt én barnesykdom!» (Intervju med Ida Smith-Hald. Urd, 05.12.1942, nr. 49, s. 1. Nasjonalbiblioteket)
Slik innleier Ida Smith-Hald, søster til Hans Dahl, eit intervju i 1942, kor ho ser tilbake på eit innhaldsrikt og travelt tilvære i nær kontakt med kunstnarar, musikarar, politikarar og øvrig borgarskap. Ho var ikkje berre Dahls syster, men også gift med målaren Fridtjof Smith-Hald, og ho skal ha hatt ein særs god songstemme. Edvard Grieg oppfordra ho til å studere song, og ho fekk eit langt og godt liv. Og, som ho seier, mykje av dette takkar ho bror sin for. Hans Dahl var ein helseprofet, men mykje av det han stod for var tufta på konkret kunnskap me i dag tek for gitt.
Dahls kunst må sjåast i samanheng med hans idear om sunnheit og helse. Visst var han ein idealist, og sjølvsagt hadde han måla bilete som fell i smak hjå eit borgarleg publikum. Men bileta var og ein måte for han å vise kva som i hans auge for mogleg, om ein levde riktig. Difor må ikkje Dahls arbeid berre sjåast som reaksjonært svermeri, men vel så mykje eit frampeik.
Industrialisering med dertil høyrande forureining og elendige butilhøve var kvardagen for svært mange på denne tida, både i Noreg og Europa. Byane vaks i rekordfart: I 1865 budde det snaut 50.000 menneske i Kristiania, og ved århundreskiftet hadde talet auka til om lag 230.000. (https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristiania/Oslo_1814%E2%80%931940)
Difor er det ikkje rart at Christian Krohg måla sitt bilete «Kampen for tilværelsen,» for scener som det måleriet viser var røynda for mange. Skilnaden er berre at Dahl hadde eit anna fokus – han ville skildre løysinga på problema, heller enn sjølve problema. I pamfletten «Hvordan styrke sin sundhet og arbeidskraft» fra 1929 skriv han:
«Jeg har i en 57 aar som maler, især bereist Bergensfylkene, for at studere folkenes liv og i de siste 47 aar ogsaa samtidig studert den gamle bondekultur fra et hygienisk (angaaende sundhetsforholde) synspunkt. Fortrinsvis har jeg opsøkt de egne, hvor endnu rester av bondekulturen var forhaanden, de avsidesliggende fjelddaler og fjorde, ut til de ytterste havskjær. Selv har jeg i disse 47 aar stedse levet efter samme princip (regel) som vore forfædre, der var uldfolk, likesom de gamle uldfolk, de gamle grækere og romere – verdens mest fremragende folkeslag. (…) Efter mine iagttagelser bærer det nedover med vort folks sundhet og hvad verre: med dets derav naturlige sindelag.(…)
Men et slaaende bevis er vel det, at vort land med sin spredte befolkning og rene luft er det land, som er det mest tuberkolosebefængte av alle lande! Vort land ansees for Europas sanatorium, hvortil Europa reiser hen, blant andet for at nyte vor rene, sunde luft. Og vi har stelt os saa daarlig, at vi har mest tuberkulose!!
Hvis vort folk kan bringes til at forstaa gavnligheten ved at gjenopta vore kloke forfædres bekledningsmaate i uld, saa vil det gjeneroble vore forfædres, vore vikingers sunde og kraftige blod og spare ind de store sommer som gives ut for daarlig folkehelse. Alene Oslos offentlige sykebehandling koset sidste aar over 11 – elleve – millioner kroner. Det gjelder for det enkelte menneske som for det hele folk at ha en sund sjæl i et sundt lægeme.» (Hvordan styrke sin sundhet og arbeidskraft. Dahl, Hans. Eget forlag, 1929)
Det var ein tysk lege i Stuttgart som heitte Dr. Gustav Jaeger (1832-1917) som sette Dahl på tanken om ull. Jaeger var ein ordentleg guru på feltet, og i 1880 ga han ut eit hefte som heitte «Die Normalkleidung als Gesundheitsschutz» - på norsk noko sånt som «Standardbekledning for helsebeskyttelse.» (https://en.wikipedia.org/wiki/Gustav_J%C3%A4ger_(naturalist))
Dahl oppsøkte Jaeger i 1882 eller -83, og beskriv dette i pamfletten som ber den noko oppsiktsvekkjande tittelen «Et varsko til Det norske Folk og Den nordiske Rase» frå 1932. Innhaldet er også her utelukkande konsentrert rundt helse, bekledning og kosthald, og det er her han omtalar bomull som «den hvite pest», sidan den ikkje pustar:
«Jeg hadde indtil mit 33. aar som de fleste levet tankeløst med hensyn til beklædning, aapent vindu osv. Det var den gang, da jeg fik et haardnakket kløutslet paa mit legeme, hvilket trods forskjellige midler ikke vilde vike. Lægen sa da, at han vidste intet andet raad end at jeg skulde gaa i uld.» (Et varsko til Det norske Folk og Den nordiske Rase. Dahl, Hans. Eget forlag, 1932, s. 19)
Dette helt Dahl seg til resten av livet, i kombinasjon med den friske lufta. Vinterstid skal han ofte ha sove ute på verandaen innpakka i ull (Kunstnarliv.Melkild, Arne. Skald forlag 1993, s. 70) og om ikkje han låg ute stod i alle fall vindu og verandadører opne dersom han sov inne. Ei av tjenestepikene hans fortel at «alt skulle vera ull! Han gjekk alltid i kvit ulljakke om dagen, og låg med ullklede og ullhuve om natta. Og alltid med verandadøra på vidt gap – sommar som vinter. Det var ofte det låg snø på senga hans om morgonen!» (Intervju med Ragna Seim, Sogn Avis, 10.06.1988)
Denne filosofien om konstant tilgang på frisk luft i kombinasjon med ullklede var noko Dahl også fann røter i frå vikingtida. No levde rett nok Dahl i ein nasjonalromantisk drakevilla, men noko langhus frå vikingtida var det ikkje. Difor var kan hans levesett sjåast som ein måte å integrera farne tiders liv med den moderne tid:
«De gamle nordmænd, Vikingslægten, levet i frisk luft i røykstuer med «ljoren» - aapningen i taket med ildstedet ret nedenunder, i frisk luft, ilden og røken virket desinficerende, de klædte sig og sov i uld og skindfelder,xom hadde den store fordel, foruten at holde legemet varmt, osaa den, at de ikke hindret utdunstningen igjennem de i huden værende 2.000.000 aapninger, porer.» (Et varsko til Det norske Folk og Den nordiske Rase. Dahl, Hans. Eget forlag, 1932, s. 11)
Dette plasserar han så inn i ein aktuell og helsemessig kontekst, når han fortel om Nansen sitt polarekspedisjonsfylgje, og korleis bekledninga skal ha gått frå riktig til feil. Då Nansen og hans menn «maate trække paa tunge sleder, saa var der engang saa sterk vind, at den trængte igjennom den porøse ulddragt. De tok derfor vindjakker paa sig, men det hadde tilfølge, at deres utdunstning ikke kunde komme ut, men fortættet sig og blev til vand, som randt gjennem ærmene, hvor den i den sterke kulde straks frøs til is, som saaret dem blodig på haandleddene.»
Løysinga på dette problemet, er ifylgje Jaeger denne: «Naturen viser det. Jo lenger mot nord, faar dyrene mere underuld, i Afrika faar faaret blot lange haar. Hadde mændene tat en eller to uldeskjorter mere paa, hadde de været hjulpen, utdunstningen vilde i den stærke kulde avsætte sig utenpaa deres dragt som ispuler, som man let kunde ryste av.» (Samme, s. 27-28)
Dahl traff absolutt trendene i tida her, for dette var også perioden kor organisert idrett fekk sitt fotfeste i Noreg. Til å byrje med var dette avgrensa til å gjelde overklassen, men gradvis fekk også den sterkt veksande arbeidarklassen ta del. (Norge anno 1900. Kulturhistoriske glimt fra et århundreskifte. Pax forlag, 1999, s. 69) Frisk luft og mosjon var parolen, og ei rekkje sanatorium vart anlagde rundt i kongeriket. Eitt av dei, Holms på Geilo, vart opna samstundes med Bergensbana i 1909, og Dr. Ingebrikt Chr. Lund Holms kongstanke var nettopp den at mosjon og velvære skulle gå hand i hand – langt vekke frå skitne bygater. Og nettopp i denne settinga skulle oppfinnaren Hans Dahl gjere seg gjeldande, for han tok nemleg patent på ein utvekselbar skibinding. I Bergens Aftenblad den 14. februar 1925 kan me lesa ein kosteleg beretning frå då Infanteriets vinterskule og Underoffiserskulen hadde vinterøving på Geilo med utprøving av nye oppfinningar: «Maleren, professor Hans Dahl har indsendt en bremseanordning for ski, til bruk særlig paa haardt vinterføre og i skarsne.» (Bergens Aftenblad, 14.02.1925. NB)
Dette fortel oss mykje om kva for ein nysgjerrig mann han må ha vore, og ikkje minst har han sett og vore klar over vanskane folk har hatt med å ta seg opp bratte kneiker med ski på beina. Difor er dette også ei folkehelseoppfinning.
Det same kan på mange måter seiast om speedometeret han fikk godkjent patent på i 1904. Dahl fortalte i 1907 at «når man ser en hest med vogn, kan man nogenlunde ut fra hestens bevegelser danne seg et begrep om kjørehastigheten. Dette er mye vanskeligere med automobiler og selvgående kjøretøy.»
I bilens spede barndom var sertifikat og trafikalt grunnkurs noko som høyrde framtida til, og det skjedde svært mange ulykker. Difor er det eit openbart helseperspektiv i det å konstruera noko som kunne redusera antallet ulykker og dødsfall.
Hastigheitsmålaren fungerte slik at ei skive frampå bilen ikkje berre opplyste føraren om kor fort han køyrde, men hastigheitsskiva var også synleg for dei som kom imot. I tillegg kunne då fotgjengarar sjå dette, men også politiet. Dermed vart det lettare å ha kontrollar. Men ikkje nok med det: Bilens hastigheit for dei siste 30 timane vart også registrert med ett minutts mellomrom, og dei siste 15 minutta var synlege på ei kurve. Me snakkar kort og godt om ein form for ferdskrivar, lik dei ein brukar i fly i våre dagar! (Norsk motorveteran pluss, mai 2015, s. 34-36)
Når det så gjeld Dahls syn på kunst, er også ein pamflett han skreiv seint i livet svært nyttig. I «Malerne og publikum» fra 1929 er han opptatt av å påpeike at malerkunsten er ei nasjonal oppgåve som angår folket, og ikkje berre kunstnarane åleine. Difor må også folkets røyster høyrast og respekterast. Han kjem så med et stikk til kretsen rundt Werenskiold og Munthe når han skriv: «Det var en merkværdig overvurdering av sig selv disse kunstnere hadde, den nemlig at de alene kunde avgjøre, hva der var kunst eller ikke, parret med en ringeakt likeverfor ikke-kunstneres forstand.»
Dahl har heilt tydeleg vore opptatt av ei åndeleg og til dels religiøs tilnærming til både kunst og natur, og han er heilt på linje med Noregs fyrste kunsthistorieprofessor, Lorentz Dietrichson (1834-1917), som meinte at «et maleri er ikke blot et med pensel bemalet lerred; det har en aandelig valeur, der betinger dets verd for nutid og fremtid.»
Så siterer han «Digtets aand» av Welhaven, og meiner bodskapen der kan nyttast på kunsten også: «Det er denne, kunstverkets aand, som lægmanden, publikum instinktivt føler om den er forhaanden eller ei.» Som hovedregel mener han at «det er kunstnerens sak at male saa at man forstaar ham.» (Malerne og publikum. Dahl, Hans. Eget forlag, 1929)
Balestrand hadde vore ein viktig plass for kunstnarar gjennom heile 1800-talet, frå Johannes Flintoe kom i 1819, og vidare med J. C. Dahl, Hans Gude, Thomas Fearnley, Anders Askevold, Adelsteen Normann, Amaldus Nielsen, Gerhard Munthe og ei heil røys andre kjende, mindre kjende, ukjende og gløymde målarar.
Dei vart dregne mot lyset som er så særmerkt for Balestrand: Fjorden ligg på sitt breiaste, og fleire fjordarmar, dalføre og vakre fjellformasjonar dannar ei vakker ramme. Balestrand er i dag mykje meir utbygd enn den gongen, og den slake, frodige og grøne valen må ha fortona seg som ei aldri så lita pastoral oase.
Dahl let sitt Strandheim oppføra i 1893, etter oppfordring frå Adelsteen Normann. Dette var ferdighusa si tid, og Dahls villa er levert av Jacob Digre trelastfirma i Trondheim, og høgst truleg teikna av Karl Norum – same mann som mellom anna teikna Britannia Hotel. Kortid Hans Dahl var fyrste gong i Balestrand veit me ikkje med sikkerheit, men i gjestebøkene til Kvikne’s Hotel er han fyrste gong skriven inn den 5. september 1891, og takkar med fylgjande attest: «Har opholdt mig her i cirka 10 uger, og fundet mig særdeles tilfræds i enhver Henseende.» (Gjestebok, Kvikne’s hotel. Familiens eige)
Han kom attende med familien dit året etter også, og truleg vart denne sumaren nytta til planleggjing og realisering av Strandheim.
Villaen er som skapt for fest og moro, og ein kan vel knapt tenka seg ein vakrare plass å arrangera garden party enn her. Festane kor keisar Wilhelm II var heidersgjest er vidgjetne, og fru Dahl sytte for at rosehagen må ha vore noko av det vakraste i Balestrand.
Men det var ikkje berre keisaren som koste seg her, for gjennom ei rekkje foto som har kome meg i hende, er det heilt tydeleg at Dahl og familien har hatt rikeleg med trafikk her sumarstid. Kjende Bergensfamiliar som Faye, Wallendahl, Grung og Foss kunne stikka innom, og borna til Dahl, Hans Andreas og Eline, hadde gjerne både kostymeparty, eller dei laga tablåar.
Her fann kosmopolitten Hans Dahl sitt vesle stykke Noreg, og frå krigen braut ut i 1914, og til han døydde i 1937 var det stort sett her han vart verande.
Han vart aldri akseptert av dei rådande kunstkritikarar, men trass dette beheldt han sitt livsmotto: «Bevar et muntert Sind, i Storm som i Solens Skind.»