«Å fara rundt Esefjorden gåande eller springande, er både ei oppleving og ei fysisk utfordring. For alle må vel spissen vera å ha runda svingen ved Hjelseng, så rullespringa i gode joggesko ned bakkane derifrå til Esebotn. Unnabakken gjev litt kvild, puls går ned. Du har tid til å smatta på lukter i ein vest norsk fjordbotn. Luktene fyller nasa di med angen frå fjord og fjøre, ei svovellukt. Elvar lukter alltid. Friskt. Dei drar med seg pustande vindar frå fjell og tind, gjel og dalsøkk, heimover, heim mot fjordbotn. Urter som ramsløk og skårakung, oregano, blandar seg i dette drag. No har området rundt Esebotn opna seg; Stiar er lagde om, merka med gode skilt og gode kart. Ein gamal ferdsels og bufarveg er restaurert med steinsette trappetrinn, gjort tryggare å ferdast i.Litt fram for Gull-eplenipa, ca 1100 moh, skal det setjast opp ei dagsturhytte, med namnet "Dagbu" til minne om Dag Ese".
Dette skreiv vår lokale historikar og forfattar Johs. B. Thue i programbladet for 2019 under tittelen «Esebotn - gamle fjell og nye grinder opnar seg».
Høsten 2023, etter mykje dugnad og innleigd faghjelp, kom hytta på plass. I denne artikkelen legg vi mest vekt på prosessen og arbeidsinnsatsen bak, illustrert med mange bilde. Når hytta vert ferdigstilt i år, har vi langt på veg fullført Keipenstien og "Dagbu" som ei unik turoppleving i Balestrand takka vere iherdig dugnadsinnsats og gode støtteordningar.
Våren 2015 fekk initiativtakarane Balestrand kommune, Visit Sognefjord og Balestrand og Høyanger turlag tildelt midlar etter søknad om eit forprosjekt for å utvikle turen frå Esebotn til Keipen som eit fyrtårnsprosjekt blant dei mange merka turstiane i Balestrand. Det vart etablert eit prosjektstyre med Johannes Sjøtun,Jørgen Hundseth frå Balestrand kommune, Balestrand og Høyanger turlag, Sigurd Kvikne frå Kviknes hotell, og reiselivsnæringa i Balestrand og Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord.
Einar Målsnes utarbeida forprosjektet «Frå Esebotn til Keipen». Her vart det m.a. sagt følgande:
«Det bør byggjast ein organisasjon som tek ansvar for organisering, utvikling og vedlikehald av stien til Keipen. Det kan vere ei venneforeining, idrettslag, turlag eller anna.»
«Grunnleggjande for vidare arbeid: Grunneigarane må vere med på laget gjennom langsiktige avtalar som kan ligge i botn for søknad om midlar.»
«Det bør reisast ei sikringsbu ved Keipen då uvær kan komme fort og overraskande i 1422 meters høgde. Det vil vere egna tomt til sikringsbu på platået på Keipen».
No er alt dette på plass. Men hytta er trekt ned på Gulleplenipa 1100 moh., vel halveges til Keipen, slik at dette flotte området vert eit turmål i seg sjølv.
Les meir om Keipenprosjektet i artikkelen frå 2017
Arbeidet med å ruste opp stien starta opp for alvor i 2016 med stort engasjement av frivillige under leiing av Jørgen Hundseth. Men det tyngste arbeidet med legging av steintrappene, har våre vener frå Nepal stått for. Dette arbeidet starta opp i oktober 2016. Vi hadde flaks. Det var eit usedvanleg flott høstver og dei arbeidsome og dyktige sherpaene sparte mykje energi då dei vart frakta med helikopter til og frå arbeidet med steinlegginga i ura under Gulleplet. I september 2017 avslutta sherpaene sitt imponerande arbeid. Over 1000 meter med steinlagde trapper vart lagt i dei to periodane oktober 2016 og august/september 2017. I 2018 vart det gjennomført sikring av bratte parti, oppgradering 2017. I 2018 vart det gjennomført sikring av bratte parti, oppgradering av dei siste områda og montering av bru over elva inst i Esebotn. Den flotte aluminiumsbrua er designa og bygd av Kurt Kleive.
Prosjektet vart sluttført hausten 2018. «Resultatet på gjennomført prosjekt er svært bra – mest betre enn føresett» som det står i sluttrapporten.
I 2017 vart det vedteke å plassere ei «Dagsturhytte» i Balestrand. Dagsturhytteprosjektet var eit fylkeskommunalt prosjekt som skulle tilby ei seriprodusert hytte til kvar kommune i Sogn og Fjordane. Planen var å plassere ho på Gulleplenipa som ein del av satsinga med Keipenstien Dagsturhytta var då sett på som eit opplevingselement som ville gjere turopplevinga endå meir attraktiv, og som også ville gjere Gulleplenipa til eit eige turmål. Ein anna viktig grunn for å plassere dagsturhytta der, er at Keipenstien er ei relativt lang turrute i alpint fjellterreng, der ei «sikringsbu» vil gjere ferdselen tryggare.
Med grunneigaravtalar og finansiering på plass satte vi i gang med grunnarbeidet. Hytta vart bygd og frakta til Balestrand. Mange huskar nok byggesettet som stod på kaia hausten 2018 i påventa av å bli frakta opp til Gulleplenipa. Men dårleg flygever og tidleg vinter førde til at hytta ikkje vart montert. Det skulle vise seg å vere eit lykketreff, for både kommunen og -andre var også usikker på om denne serieproduserte dagsturhytta var solid nok til å stå på Gulleplenipa.
Engasjementet var stort; under arrangementet Esefjorden Rundt skreiv mange under på ei underskriftsliste med krav om ei plassering av hytta i nærmiljøet. Fylkeskommunen var aktive i prosessen og positive til flytting. På bakgrunn av dette vart det gjennom eige vedtak i kommunestyret bestemt ny lokalisering på Balastølen for dagsturhytta, men samstundes føresett at det vart etablert ein ny og betre tilpassa hytte eller sikringsbu på Gulleplenipa. Det høyrer også med til historia at dugnadsgjengen med Jørgen i spissen handla raskt. Avtale med grunneigaren Steinar Bale vart gjort og graving av fundament på Balastølen gjennomført, rett nok før endeleg formell godkjenning i kommunestyret. Heldigvis viste både dei folkevalde og administrasjonen forståing for at det hasta med å kome i gang.
Då gjekk det fort i svingane. Det vart gjort vedtak om finansiering av ei sikringsbu på Gulleplenipa. Planarbeidet starta umiddelbart og ferdigstilt hausten 2019. Dette arbeidet ligg til grunn for den godkjende planløysinga for den nye sikringssbua - «Dagbu» - på Gulleplenipa.
Arkitektkontoret Stiv Kuling i Sogndal vart valgt ut til å teikne bua. Arkitektane Eivind Øgar, Terje Kannelønning og Marie Aaberge tok den lange fjellturen saman med Trond frå Vener av Balestrandsfjella for å sjå på tomta i september 1919. Stiv Kuling Arkitekter AS har teikna eit bygg vi er særs godt nøgd med. Bruk av stadeigen stein og glas vil gje ei spesiell oppleving av bygget som vil underordne seg omgjevnadene samstundes som det vil gje ei magisk oppleving å vere inne med panoramautsyn over mektig fjellandskap. Hytta er også praktisk med omsyn, dørplassering i høve vind og snø, inngangsparti med lagerplass, omn og praktiske sitte/liggeplassar. Det vert også sitteplassar i hytteveggen
«Gulleplenipa er ein flott fjelltopp i enden av ein lang og bratt motbakke på 1100 høgdemeter. Frå toppen har ein spektakulær utsikt, spesielt utover Esefjorden og innover Sognefjorden. Sikringsbua er plassert på fjellryggen, tilbaketrekt frå topppunktet. For å gi hytta eit stadeige uttrykk og ein dempa karakter, er den utvendig kledd med massive natursteinsmurar med stor grad av lokal stein, med referanse til dei mange steinbuene ein finn i fjellheimen i Noreg. Innvendig er hytta bygd av massivtreelement som gir eit lunt og robust interiør. Glasfasadar av limt glas gir kontakt med det skiftande været og utsyn til det massive fjellpartiet Vindreken. Hytta er også utstyrt med ein liten vedomn». Arkitektkontoret Stiv Kuling
Noko av grunnarbeidet var allereie gjort i samband med dagsturhytta som vart tenkt plassert her, men som vart flytta til Balastølen. Bygdesnekkaren Per-Ove Mundal vart hyra inn til arbeidet med oppsetting av ny grunnmur. Saman med dugnadsgjengen vart det fleira dagar med borring og forskalingsarbeid.
"Vener av Balestrandsfjella" er ei foreining som jobbar dugnad med utvikling og vedlikehald av turstinettet i fjella i Balestrand. Vi søker om midlar til å dekke kostnader til nødvendig helikoptertransport, ved, innleigd arbeidskraft og materialer. Vi har inngått avtale med Sogndal kommune om tilsyn og vedlikehold av hytter, stiar, benkar og bord. Vi jobber kun på dugnad, men det er sosialt og kjekt. I år blir det m.a. stislått, remerking og opprusting av stiar, og ferdigstilling av "Dagbu" på Gulleplenipa.
Vi treng fleire til å delta på dugnadsarbeidet. Så har du lyst å bidra med sunt og kjekt dugnadsarbeid i den fine naturen i Balestrandsfjella, så meld deg til ein av oss, så tek vi kontakt: Jørgen Hundseth,Trond Sundby, Einar Målsnes. Har du heller lyst og høve til å bidra økonomisk og vere med å dekke utgifter, då kan du Vippse eit bidrag til VIPPS 785512.
Samla kostnad for dei to prosjekta sti og sikringsbu vart 3,5 millionar; 1,9 for stien og 1,6 millionar for sikringsbua finansiert med kommunal eigendel, spelemidlar, tilskot og dugnad. Støtta vi har fått fra lokalt næringsliv, bankstiftingene og Sogn Avis har vore heilt nødvendig for å få til både Keipenstien og sikringsbua "Dagbu".