2025 Det nye kulturhuset i fjordkanten

Der Esefjorden bryt mot land i Holmen, skjer det ting.

Geir Berstad Sande (42) har ein tydeleg visjon for vidareutvikling av senteret ved fjorden. Mange idéar er alt sett u i livet, og fleire kjem. Leirskule, akvarium og kafé er alle kjende innslag i det kvitmåla bygget i Holmen, som sidan 1970-talet har blitt bygd opp og fylt med innhald av Bjørn Skanke Sande - med hjelp frå Tor-Andre Balevik, familie, slekt og vener. No er det neste generasjon som får spelerom til å utvikla bedrifta og bygda vidare.

Utvikling av tilbod

Eldste bror Magnar har hand om Kringsjå Hotell, der leirskuleelevane bur når dei vitjar Balestrand, medan Geir har teke over eigarskap og utvikling av undervisnings- og akvariumsfasilitetane. Dette inneber ansvar for både drift, konseptutvikling, og forming av undervisningstilbod i samarbeid med Sogndal kommune.- Kjernefunksjonen for dette bygget er å vere undervisningslokale for leirskulen, slår Geir fast.

Nytt læringsverktøy

Koppar og kar. Marianne Hoff saman med kunstnarane Tone Einelia og Jan Kåre Myklebust i det nye galleriet. (Foto:Trond Sundby)

Når dei no reprofilerer anlegget som opplevingssenter, er intensjonen å tydeleggjere dette. Målet er å tilby meir av opplevinga elevar på leirskuen får, til besøkjande om sommaren. - Den permanente utstillinga om livet i og ved fjorden vert vidareutvikla og revitalisert, og me jobbar i tillegg med å utvikle eit nytt læringsverktøy i marinbiologi som utforskar kontrasten mellom vitenskap og kunst, objektivitet og subjektivitet, materialitet og bevisstheit. Aktiv deltaking og kreativ prosessering vert fundamentet i den nye pedagogiske innfallsvinkelen, forklarer Geir.

Mange tilbod

STORBAND: Sogndal Storband fekk det til å svinge på Korall. (Foto: Trond Sundby)
Leiar i Balestrand Kunstlag Marianne Hoff og kunstnar Janne Nes foran balejazzutstillinga i 2024. (Foto: Trond Sundby)

Dei utvidar også det generelle aktivitetstilbodet med kulturhusdrift. Det er laga konsertsal, kunstgalleri, nytt visingsrom for lydkunst/ kunst- og naturfilm/ lytteklubb/prosjektrom, og ei velværeavdeling. - Dette samansette tilbodet samlar me no under paraplyen Korall, fortel han. Med si idylliske plassering ved småbåthamna i sentrum er det naturleg å ha restaurant, is-bar, og delikatessebutikk i tilbodet

Samarbeid med fleire aktørar

- I fjor gjennomførte me 18 konsertar, fem kunstutstillingar i regi av Balestrand kunstlag, utstillinga Pattern Language i regi av Kunstbygda Balestrand kuratert av Silje Forbes, to gjestekunstnaropphald, og ein verkstad om grafisk notasjon for born og unge, summerer Geir opp. Dei har etablert fast samarbeid med Balestrand Kunstlag som ein viktig innhaldsprodusent,og har også innleia faste samarbeid med Balejazz, Førdefestivalen, og kulturskulen.- Framover jobbar eg med å finne fleire ressurspersonar frå lokalmiljøa som kan tenke seg å bidra med eksternt innhald, seier Geir.

Lyd og festival

Geir sjølv driv med musikk og har studert kulturvitskap ved UIB og skreiv blant anna master om Bergen Kunsthall og «nyinstitusjonalisme» i samtidskunstfeltet. Med seg i baggen inn att Sognefjorden, har han tankar og inspirasjon frå studiar og kulturlivet i Vestlandshovudstaden. - I september blir det ein tverrkunstnerisk minifestival her. Det er for tidleg å offentleggjera programmet, men eg kan røpa at lydkunstnar Roar Sletteland, saman med syster og keramikar Kersti Sletteland jobbar med ei utstilling som skal knytast til Korall sin identitet, seier Geir.

Høyrespel

CATWALKEN: Naboen, Abby boutique, har gjennomført motevisning i lokala til Korall med stort hell. (Foto: Eirik Thue)
SOLID LØFT: Geir Berstad Sande og Korall ligg midt i Holmen, og hentar inspirasjon frå både fjord og fjell når no eit heilt unikt kulturhus byrjar å ta form. (Foto: Eirik Thue)
HISTORIE: Treskjeringsutstillinga etter Magnus Sande tek føre seg den lokale fjordkulturen og passar såleis godt inn i Korall-konseptet. (Foto: Eirik Thue)

- I tillegg jobbar me med treskjeringsutstillinga etter bestefar min Magnus Sande, som tek for seg den lokale fjordkulturen i overgangen frå det tradisjonelle- til det moderne samfunnet. Den unike reiselivshistoria, og fortida vår som kunstnarkoloni er Balestrand i eit nøtteskal, og treskjeringane etter Magnus - med tekst skriven av historikar Gunnar Urtegaard, framstiller dette på ein framifrå måte. Tre er i utgangspunktet eit veldig intimt og emosjonelt medium, og me jobbar no med å utvikle eit høyrespel som supplerer utstillinga på høyretelefonar. Ein måte å knyte denne tematikken til marinbiologi er å narrere utstillinga som eit reisebrev frå marinbiologen Georg Ossian Sars, som la ut på nordhavsekspedisjonen med start i Esefjorden - rett utanfor Korall - i 1876, forklarer Geir.

Kunst i ulike former

Utstillinga skal inngå i permanent utstilling på huset, og er truleg klar for relansering til festivalen i september. I tillegg vert det konsertar, lydkunst, kunstfilmar, kunstnarsamtalar, aktivitetar som garntrekking og artskatalogisering, mat og drikkeopplevingar, og kanskje premiere på ny introfilm som viser besøkjande til senteret.

Flytetank

Alle sansar skal få sitt om du kjem innom dørene i Holmen. Mellom anna skal det på plass ein flytetank. – Hoppar du opp i ein slik tank reduserer du stress, fortel han. Ein flytetank, også kjend som ein sensory deprivation tank - eller isolasjonstank - er fylt med vatn som er metta med Epsom-salt (magnesiumsulfat), noko som gjer vatnet så tett at kroppen kan flyte utan å bruke musklane. Temperaturen i vatnet er også justert til kroppstemperatur, som normalt er rundt 37–38 grader Celsius.

Hensikten med ein flytetank er å skape eit miljø der ytre sansestimuli som lys, lyd og gravitasjon blir minimaliserte. Dette kan gi ei oppleving av djup avslapping og kan vere gunstig for mental og fysisk restitusjon. Mange brukar flytetankar for å lindre stress, redusere smerte, forbetre søvnkvalitet eller for å oppnå ei meditasjonsliknande tilstand.

Sauna

Geir fortel at velværeavdelinga også skal ha ein sauna, rettare sagt ein infraraud sauna. Infrarød stråling vert nytta for å varme opp kroppen direkte, i motsetnad til tradisjonelle saunaer som varmar opp lufta rundt deg. Infrarød stråling er ei form for elektromagnetisk energi som kan trenge djupt inn i huda og musklane, noko som gir ei intens, terapeutis varme. Mange nyttar IR-sauna for avspenning, muskel- og leddsmerter, avgifting og betre sirkulasjon.

Grill og steinomn

SKRIFTA PÅ VEGGEN: Utsida fortel kva som møter deg på innsida. (Foto: Eirik Thue)

Sidan 2023 har Geir fått prøvd seg som vertskap i turistbygda, der det kokar godt når sola står høgt på himmelen. Han har blitt nokre erfaringar rikare.

- Kjøkkenet er for lite til den type restaurant me ønskjer her, slår han fast. I vinter har det blitt meir boltreplass. - Me skal blant anna servere biff, og grill på kjøkenet er eit must i den samanhengen. I tillegg skal det på plass ein steinomn til pizza. Desse grepa vil løfte konseptet, seier han. Iskiosken er alt på plass og har vore populær frå første pistasjkule gjekk ut serveringsluka.

Uteområdet

Han skal servera mat både innandørs,ute framfor inngangspartiet og på baksida. - Det skal bli gode tilhøve for både dei som jobbar her, og gjestene, seier Geir, som brukar mykje tid og krefter på å etablere det nye kulturhuset i fjordkanten midt i Sogn.