2026 Jørgen og dei gode hjelparane

Jørgen Hundseth har hatt fjella rundt Balestrand som arbeidsplass, leikeplass og drivkraft. Det syner att.

PÅ TUR: Jørgen Hundseth legg til rette for at naturen kan nyttast. Her har han med seg ein gjeng til Keipen på ski. Foto: Eirik Thue.

Som skogbrukssjef – no pensjonist – har han vore ein sentral pådrivar for å byggja opp det som i dag framstår som eit av dei mest omfattande og varierte stinettverka i regionen.

Folkehelse

Engasjementet vaks fram gjennom jobben. Frå politisk hald kom det tidleg klare føringar om at det skulle satsast på tilrettelagt friluftsliv.

Hundseth såg raskt at dette ikkje berre handla om tur og trivsel, men også om folkehelse og næringsutvikling.

– Me måtte leggja betre til rette for folk flest, og samstundes sjå friluftslivet i samanheng med reiselivet, seier han.

Veneforeining

Då Balestrand kommune gjekk over i historia, og turistperla vart ein del av storkommunen Sogndal, var mange prosjekt allereie realiserte. For å sikra vidare framdrift og stabile rammer vart det i 2019 stifta ei veneforeining. Vener av Balestrandfjella vart registrert i Brønnøysundregisteret for å kunna søkja midlar og inngå formelle avtalar med kommunen. Målet var å få eit praktisk og effektivt apparat rundt arbeidet. Einar Målsnes og Trond Sundby har vore med i styret sidan oppstarten, og bidrege stort i arbeidet.

Snittalderen på gjengen som legg til rette for at folk kjem seg ut i naturen, er høg. Foreininga ønskjer å styrkja styret og sikra vidare rekruttering. - Det gjer seg med litt yngre krefter, seier han.

Dei siste året har ein fått inn litt yngre krefter med Henning Birger Sagevik og Møyfrid Dale i styret.

Viser att

Resultata er tydelege. I dag finst det ei rekkje av merka løyper i fjella kring fjordbygda, med variasjonar som gjer at både barnefamiliar, mosjonistar og meir erfarne fjellfolk finn noko som passar. Utbygginga har vore mogleg gjennom ein kombinasjon av politisk vilje, gode støtteordningar og omfattande dugnadsinnsats. Både gravemaskiner, helikopter og sherpaar har vore tekne i bruk for å gjera tilkomsten tryggare og meir berekraftig.

– Dette er eit lagarbeid. Utan dugnadsånda i bygda hadde me aldri fått det til, slår Hundseth fast.

Mange vegar under fjelltoppen

Foreininga har vore involvert i ei rekkje prosjekt. På lista finn ein blant anna Pilgrimsstien, som går frå Saurdals-vegen og ut til Kvamsøy. Det same gjer Keipen-stien, som går frå Esebotn til fjelltoppen på 1427 moh og Turstien frå Kreklingen til Skåsheim og Raudmelen. Det er som kjent mange vegar til Rom, det same er tilfelle for Raudmelen.

ALLE ER MED: Dugnad i Hakkespettsskogen. Foto: Jørgen Hundseth.

- Raudmelen fleire grader av turstiar, lett – som er turstien, middels – som er rundløype til Balastølen og rundløypa Grauthaug, og meir krevjande, Raudmelen via Kallbakk, forklarar Hundseth. I tillegg har foreininga ansvaret for vedlikehald gjennom ordninga med kommunen på Naturstien og Hakkespettsskogen ved Saurdalsvegen.

Nytt prosjekt

FELLESSKAP: Einar Målsnes, Erlend Dale, Trond Sundby og Møyfrid Dale fortener ein pause mellom øktene med å leggja til rette for friluftsliv. Foto: Jørgen Hundseth.

Siste prosjekt som er ferdigstilt, i fjor haust, er stien Buråsi-Balastølen(Grauthaugstien), som ligg over sentrum. Her var det blautt og mange røter som kunne fella sjølv den største balansekunstnar. No er toppmassen i jordlaget fjerna, og den beste massen lenger nede i grunnen har fått dagslys. Med spade, krafse og minigravar er det på plass torv og steinsette grøfter, slik at ein har fått ein fast og tørr sti mot Grauthaug. Med trygg grunn under beina kan ein verkeleg nyta panoramautsikt over fjordlandskapet midt i Sogn.

Litt kvile

Men det lite rom for å kvila i lyngen, for Balestrandfjella sine beste vener. No står mellom anna ein fleir-funksjonell sti frå Granlia-Balali på planen, med universell tilrettelegging som mål. I tillegg skal området over skulen og idrettsanlegget på Kreklingen få eit skikkeleg løft. Her blir det utbygging i fleire etappar, blant anna skal tilkomsten til stinettet gjerast betre med slakare svingar og god breidde, slik at alle målgrupper kjem seg lett opp i terrenget.

Gode ordningar

MERKING: Balestrand har om lag 100 km med merka turstiar og som Vener av Balestrandfjella har ansvar for å halda vedlike. Foto: Jørgen Hundseth.

Finansieringa kjem frå fleire hald. Nokre prosjekt går gjennom kommunen på grunn av krav knytte til spelemidlar, medan foreininga sjølv administrerer mykje av arbeidet. Stiftingar og fond har bidrege med viktige midlar. Dei har opp gjennom åra fått inn 1,6 millionar kroner til ulike prosjekt.

- Det er rause ordningar, som er retta mot akkurat det me driv med, fortel Hundseth, og legg til: - Det meste av midlane me har fått kjem frå Sparebankstiftinga, Sture Husabø-legat, Gjensidigestiftinga og Thon-stiftinga.

Nytt toalett

Lokale verksemder har ikkje gjengen masa på om pengestøtte, men no kan det faktisk bli aktuelt.

- Fem opne turhytter ligg i dag under foreininga. Gjennom samarbeid med fagmiljø innan arkitektur og trebruk har fleire særmerkte bygg reist seg i fjellsidene, Glipe, Balabu, Dagbu, Kløyvd, Baly. Samstundes er det lagt ned mykje arbeid i å byggja opp skisenteret i Saurdal, med både skihytte, garasjebygg og skitrekk. Dugnads-verdien på dei ulike prosjekta er på kring 2 millionar kroner. Dagbu ved Gulleplet toppar lista over tal dugnadstimar.

- Me ønskjer eit toalett ved Dagbu, og håpar på støtte til prosjektet av lokalt næringsliv, seier Hundseth.

Lokale heltar

Sjølv om dei får solid påfyll av kapital inn på kontoen sin, er det viktigaste lokale støttespelarar for å nå måla.

- Ei enkel SMS-liste har vist seg å vera eit effektivt verktøy for å mobilisera folk når det trengst, seier Hundseth, som har opp mot 30 lokale heltar som er villige til å ta i eit tak i fjellheimen.

Det som motiverer venegjengen, er bruken.

– Då eg byrja med guiding på 1990-talet, såg eg korleis mange sleit i bratt og ikkje tilrettelagt stiar. Etter opprusting har bruken auka kraftig. Det viser kor viktig god tilrettelegging er, både for folkehelsa og for trivselen, slår Hundseth fast.

Snøeldorado

LAUSSNØ: Mange løyper frå fjell til fjord er rydda i Balestrand. Dermed er det lagt til rette for leik i snøen med ski på beina. Foto: Jørgen Hundseth.

Ved sidan av sommarstiane har Hundseth og co. også eit brennande engasjement for ski. Dei har vore med på å rydda og utvikla mellom 10 og 15 nedfartar frå fjell til fjord. Turen frå Geitaryggen til Farnes trekkjer Hundseth fram som ein personleg favoritt. - Her kan ein køyra i laussnø med fjordutsyn – ei oppleving få andre stader kan tilby.

Motivasjon

SKILT: Skiltinga følgjer nasjonal standard for stimerking og fargekodar for vanskegrad med meir, og her i Balestrand har ein produsert desse av lokale einer. Foto: Jørgen Hundseth.

For Hundseth handlar det i botnen om meir enn stiar, hytter og anlegg.

– Det handlar om fellesskap, om å ta vare på naturen og om å gje både fastbuande og tilreisande gode opplevingar. Når ein ser kor mykje det blir brukt, er det vanskeleg å ikkje halda fram.