2015 Arboretet på Lunde - den ukjende perla ved Sognefjorden

Eit arboret tyder ei samling av treslag. Her i landet er det ikkje så vanleg med arboret. I Sogn finst det eit kystarboret i Solund og ei treslagssamling hjå Heiberg i Amla, for utan arboretet på Lunde. I Storbritannia har derimot ein kvar godseigar med respekt for seg sjølv eit arboret på eigedommen.

Arboretet på Lunde har røter tilbake til den gongen for over 150 år sidan, då Balestrand vart eige prestegjeld og eigen kommune. Drivkrafta bak dette var presten Harald Ulrik Sverdrup,på folkemunne kalla ”Gamle-Sverdrup”. Han busette seg på Lunde og sette i gang med å gjera garden til eit mønsterbruk innan hagebruket. På den beste jorda planta han stort sett frukttre. Han dreiv som ein liten forsøksstasjon med ulike sortar. På knausane ned mot sjøen og i prydhagen på undersida av huset planta han derimot ulike eksotiske treslag. Ein del av dei finst enno, og det utgjer kjernen i det som i dag er Arboretet.

I åra 1886-1891 gav professor F. C. Schübeler ut Viridarium Norvegicum, eit verk som trass den latinske tittelen var skrive på dansk/ norsk. Her tok Schübeler sikte på å gje eit fullstendig oversyn over alle planteartar som fanst i Noreg, anten viltveksande eller dyrka. Boka er difor ei viktig historisk kjelde. Schübeler hadde god kontakt med planteinteresserte prestar rundt omkring i landet, og mellom dei Sverdrup her i Balestrand. Difor fekk også Lunde brei omtale i verket. Fleire av dei eldste trea som me finn på Lunde i dag kan me nokså sikkert seia at vart omtalte av Schübeler i hans Viridarium.

Det som i dag er parkingsplassen til Arboretet er eit stykke av den gamle bygdevegen som er grusa og utvida. På nedsida står det eit tre som ser ut som ein overdimensjonert sprake. Det er ei sembrafuru som også er nemnt av Schübeler. Han fortel at treet vart planta i 1873 og hadde nådd 5,3 m høgde i 1890. Sembrafuru er ein fem-nåla furuart som er vanleg i fjellområda i Mellom-Europa, der han ofte veks heilt opp til skoggrensa. Denne sembrafurua har ei vekseform som er utypisk for arten. Til vanleg dannar sembrafurua ei gjennomgåande og rett stamme slik som anna furu.

I dette området fanst i si tid også ein annan interessant kuriositet, ei rekkje med grantre som og mest sannsynleg må ha stamma frå H. U. Sverdrup si tid. Desse granene vart felte i 1917 og var då så store at dei kunne nyttast til laftestokkar. Soga fortel at grantømmeret frå Lunde vart brukt til å byggja gamle Friberg ungdomshus, som stod i Holmen fram til kring 1960. Tømmeret finst framleis, for då ungdomshuset vart rive, vart stokkane brukte oppatt til byggja misjonshus på Kaupangerskogen. Dette må vera eit av dei aller tidlegaste tilfella av at eit hus har vorte bygt av planta gran her i landet.

Om me går ned mot sjøen, ser me ein stor blodbøk. Blodbøken er ein mutasjon av vanleg bøk og stammar frå Nord-Tyskland. Ein del av frøplantene frå blodbøken får også raude blad, det ser ein tydeleg på frøplantene rundt blodbøken. Difor finst det etter kvart mange individ med denne eigenskapen. Blodbøken på Lunde er tydeleg å sjå at er pota inn på ei grunnstamme av annan bøk. Det er difor ikkje usannsynleg at dette er den opphavelege blodbøk-klonen. I lia over byggjefeltet på Lunde ser ein at det finst mange sjølvsådde frøplanter av bøk, og nokre av dei stammar sikkert frå dette store treet.

Informasjonstavle Foto: Helge Pedersen

Her nede finn me også eit mammuttre. Det er i alt tre mammuttre på Lunde. Dette er eit treslag som stammar frå fjellområda i det indre av California. Mammuttreet er kjent for at det er det treslaget i verda som vert aller størst. Mammuttreet har veks dessutan svært raskt dersom det trivst godt. På Leikanger prestegard finst eit mammuttre som er endå større enn dei på Lunde.

Inntil stormen Dagmar slo inn i 2011, hadde Lunde 5 tre som var dei største i landet av sin art. I dag er det berre 3 av dei som enno står oppreiste. Ei av kjempene som ramla var ei nordmannsedelgran. Stubben står framleis på staden sin. Også dette treet finst omtala hjå Schübeler. Han fortel at i 1875 var toppskotet 44 cm langt og i 1878 heile 58 cm. Treet må ha vore planta kort før 1875. Nordmannsedelgran er ein art som høyrer heime rundt Svartehavet. Det er ein nær slektning av den vanlege edelgrana som veks i Mellom-Europa, men vert rekna for å vera litt finare til dekorasjonsføremål. Ikkje minst er det mykje brukt som juletre. Det artige namnet skuldast at arten fyrst vart skildra av den finske botanikaren Alexander von Nordmann.

Ser me litt lenger bortover, står der eit tre som minner om lerk om sommaren. Om vinteren ser ein likevel godt at dette ikkje er nokon lerk,for nålene sit på heile året. Dette er ingenting ringare enn ein ekte seder. Amerikanaranehar funne ut at dei skal kalla alle slags bartre med ein mørk og varig kjerneved for ”cedar”, men det er dette som er den ekte sederen. Sedertreet er særleg kjent frå Bibelen, då det vaks store skogar av seder i Libanon for 3000 år sidan. I dag er det berre nokre små restar att av desse skogane, og alle dei store og velforma trea er hogne ut, så det er mest krokete småtre att. Den sederen som står på Lunde er ein Himalaya-seder. Sederen frå Himalaya er meir rettstamma enn den frå Libanon, og det er ein meir hardfør rase. Likevel er ikkje skilnaden større enn at seder i Himalya og Libanon fritt kan kryssast med kvarandre. Dette treet er også det største av sin art her i landet.

Kjempetuja Foto: Helge Pedersen

På motsett side av stien står to eksemplar av treslaget kjempetuja. Mange har ein vanleg eller austamerikansk tuja i hagen sin. Det er eit treslag som kjem frå Canada og områda aust for Rocky Mountains. Kjempetujaen er ein mykje større slektning som har opphavet sitt i skogane langs Stillehavskysten av Amerika, langt nordover i Alaska. Ein kan leggja merke til korleis greinene på begge trea har bøygd seg ned til bakken og slege rot, slik at dei har vorte til nye tre. Dette heiter seinkarformeiring, og er noko ein til dømes ofte ser i granskogar opp mot tregrensa. Sjeldan kan ein sjå fenomenet så tydeleg som her.

Bort imot grusvegen stod eit anna tre som var størst i landet av sin art, ein nutkasypress. No ligg berre den gigantiske rotvelta der og fortel om kor mektig tre dette inntil nyleg var. Likevel er det god grunn til å nemna nokre ord om nutkasypressen. Han var eit av dei aller penaste og mest symmetriske av trea i Arboretet inntil Dagmar la kjempa i bakken. Ser me på borken, liknar han mykje på sprake. Det er ikkje så urimeleg, for akkurat som spraken tilhøyrer både nutkasypress og tuja-artane sypress-familien. Nutkasypressen har opphavet sitt lengst vest på det nord-amerikanske kontinentet. Schübeler har med nokre ord om den falne nutkasypressen. Han kan fortelja oss at han vart planta i 1876 og at høgda var 5,24 m i 1890.

Under prestebustaden står det som er sjølve landemerket i Arboretet: Apeskrekken. Apeskrekken vert gjerne rekna som ein del av Arboretet, sjølv om han står på presten sin private plen. Dette treet er ikkje berre det største i Noreg, men i heile Nord-Europa av sin art. Schübeler kan fortelja at treet vart kjøpt inn som plante frå England og sett ut våren 1873. Dei fyrste 3-4 vintrane vart det dekka over for å verna mot frosten, men ikkje etter den tid. Våren 1890 var høgda komen opp i 6,7 m og allereie den gongen vart omkrinsen ved rota mælt til 57,5 cm.

Apeskrekken har opphav i Chile og tilhøyrer ei gruppe bartre som berre finst viltveksande på den sørlege halvkula. Mange tenkjer at apekattane skyr apeskrekken, men det er eigentleg ei misforståing, for visstnok finst det ikkje apar i området der apeskrekken kjem ifrå. Det heile kjem av ein engelsk botanikar som tenkte seg reint teorietisk at det ville vera vanskeleg for apane å klarta i dette treet. Det engelske namnet er ”monkey-puzzle”, som tyder apegåte eller apeproblem.

Foto: Helge Pedersen

Ein kan leggja merke til at apeskrekk veks på ein litt annan måte enn andre treslag. Han dannar ikkje nokon endeknopp om hausten, han sluttar berre rett og slett å veksa når det vert for kaldt. Heller ikkje set han av ein ny greinkrans kvar vår, så det er ikkje mogeleg å finna aldreren på ein apeskrekk ved å telja greinkransane, slik som på vanlege bartre. Elles kan ein sjå at det finst separate hann- og hotre av apeskrekk. Hotrea er dei som set frø, medan hanntrea produserer pollen. Den store apeskrekken på Lunde er eigentleg eit hanntre, men det har også sett mindre mengder frø nokre gonger.

Frøa av apeskrekk er store og etande og er rekna som ei delikatesse i Sør-Amerika. For å ta vare på arten er det planta ein heil liten skog av apeskrekk i den nye delen av Arboretet. Dette er ein av to apeskrekkskogar i landet. Det er også ein del private hagar i bygda som har skaffa seg apeskrekk.

Edelkastanje på Lunde i haustfargar

Ned mot sjøen under prestehagen står det tredje treet på Lunde som framleis er størst i landet av sin art. Det er ein ekte kastanje eller edelkastanje. I daglegtale vert ordet ”kastanje” ofte nytta om treslaget hestekastanje. Det har ein liknande blome og er meir hardført. Ekte kastanje høyrer heime ved Middelhavet i langt sørover i Nord-Afrika. Akkurat som på apeskrekken er frøet etande, og kastanjefrø har i somme område vore ein viktig matressurs. Kastanje er i slekt med eik og bøk, og veden er hard og sterk. Det er ikkje verst at dette sørlege treslaget trivst så godt på Lunde. Schübeler fortel at treet blomstra fyrste gongen i 1885 og at årsskota den gongen var opp mot 1 m lange. I den nye delen av arboretet er planta fleire eksemplar av edelkastanje. Dei har fått store frostskadar dei siste vintrane, medan det gamle treet har greitt seg heilt fint.

Opp etter kastanjetreet vaks det lenge ein stor misteltein. Misteltein er ei snylteplante, og det er nok grunnen til at han har vorte fjerna.

Det seiest at det var son til Harald Ulrik, Jakob Sverdrup, som var den som mykje styrde med dei eksotiske treslaga i prestegardshagen. Han skaffa plantene frå ein planteskule i England. Harald Ulrik var bror til Johan Sverdrup, som sat på Stortinget og er ein av våre mest kjende politikarar frå denne tida.

I etterkrigstida var professor Oddvin Reisæter frå Ås av og til var innom på Lunde og såg om plantingane frå Harald Ulrik og Jakob. Han gjorde mælingar og observasjonar og har nok sin del av æra for at hagen har vorte teke vare på som eit arboret.

På slutten av 1970-talet var det planar om at heile prestegardshagen skulle gjerast til byggjefelt, men dåverande sokneprest Egil Thorbjørnsen meinte at hagen med dei spesielle treslaga heller burde gjerast om til eit offentleg tilgjengeleg arboret, og slik vart det også.

I ein periode på 1980- og byrjinga av 1990-talet var Universitetet i Bergen sterkt inne i drifta, og dei fekk mellom anna planta ut mange asiatiske artar som me finn rundt omkring, og som kanskje vil verta framtida sine kjemper på Lunde.

I den nye delen av arboretet finst også ein kuriositet som må nemnast: Urtidstreet. Denne arten er spesiell fordi han vart skildra som fossil før han vart funnen i levande live. Urtidstre er ein vanleg fossil mellom anna i kollaga på Svalbard, men ein trudde at arten var utdøydd, inntil han vart oppdaga i Kina på 1940-talet. Det er vanskeleg å prova at dette er akkurat same art som me finn som fossil, men han tilhøyrer i alle fall same slekt. Då urtidstreet vart oppdaga vart det populært hjå arboret og botaniske hagar rundt omkring i verda å skaffa seg eit eksemplar. Sjølv om treet kjem frå eit nokså varmt klima, greier det seg bra så langt nord som hjå oss. Og me er ikkje dårlegare enn at me har dette treet også på Lunde.

Med urtidstreet kan ein legja merke til noko spesielt: Det feller nålene om vinteren, akkurat som til dømes lerk.

Liste over vitskapelege artsnamn:

Norske namn Vitskapelege artsnamn
Sembrafuru Pinus cembra
Gran Picea abies
Blodbøk Fagus sylvatica var. purpurea
Mammuttre Sequoiadendron giganteum
Nordmannsedelgran Abies nordmanniana
Himalayaseder Cedrus deodara
Kjempethuja Thuja plicata
Nutkasypress Chamaecyparis nootkatensis
Apeskrekk Araucaria araucana
Ekte kastanje Castanea sativa
Urtidstre Metasequoia glyptostroboides