2018 Heimdalstrand

Den vanlege historia som vi får høyre om Balestrand og kunstnarane er mennene si historie. Der vi høyrer mest om Adelsteen Normann og Hans Dahl, deira venskap med den tyske keisaren og dei flotte raude villaene i dragestil langs Sognefjorden. Kvinnene høyrer vi lite om, eit unntak er Emma Normann Pastor. Ho hadde si eiga karriere som kunstmålar og saman med ektemannen Willy Pastor bygde seg sitt eige dragestilhus ved Esefjorden.

Emma

Emma Normann Pastor (1871-1954) var dotter til kunstmålaren Adelsteen Normann som i slutten av 1870 byrja å tilbringe somrane ved Sognefjorden. Her fant han gode motiv til sin kunst og han kom attende mange gonger. Etter at han bygde Villa Normann i Balestrand i 1891 var han og familien i Balestrand kvar sommar, om vinteren var dei heime i Tyskland. Dottera Emma utdanna seg til kunstmålar, først i atelieret til faren, seinare studerte ho mellom anna under professoren Franz Skarbina. Skarbina arbeidde på den tida i den impresjonistiske stilen, noko vi også finn att i Emma sine måleri. Sjølv om ho tematisk ofte måla romantiske motiv frå vestlandslandskapet med fjord, fjell og bunadskledde jenter hadde penselføringa og fargebruken henna eit impresjonistisk uttrykk.

Mykje av Emma Normann sin produksjon var laga på oppdrag, til dømes altertavla til den engelske kyrkja i Balestrand. Mange av henna andre oppdrag var som illustratør til ulike kunstforlag. Der ho mellom anna illustrerte fleire av ektemannen sine bøker. I tillegg laga ho måleri for sal til turistane som besøkte Balestrand kvar sommar.

I 1899 gifta ho seg med forfattaren Willy Pastor og dei fekk to born saman, Eilert (1900-1941) og Helga (1902-1987). Fram til ca. 1910 budde dei truleg i Villa Normann saman med Emma sin familie om somrane. Ynsket til Emma og Willy om å ha sitt eige hus i Balestrand kom etter at mor til Emma døydde og faren gifta seg på nytt. Dette vart realisert i 1910 då dei kunne ta i bruk huset på Heimdalstrand. Både Emma og Willy var opptekne av forhistoria og det norrøne. Dette syner godt att i utforminga av dekoren i Heimdalstrand, og at dei i 1910 valgte å bygge eit hus i ein stil som var begynt å bli umoderne. Ekteskapet med Willy Pastor varte til 1920 då dei vart skilde. Etter dette var det Emma og dottera Helga som var på Heimdalstrand om somrane.

Slik fekk Helga det tettaste bandet til Balestrand. I 1944 flykta Emma og Helga frå Tyskland til Noreg og vart buande på Heimdalstrand til etter krigen utan å nokon gong flytte tilbake til Tyskland. I åra etter krigen budde dei i Oslo om vinteren der Helga underviste i teikning og gymnastikk ved St. Sunnivaskulen. Om somrane kom dei til Heimdalstrand der dei framleis måla og selde sine verk til turistane.

Sommarhuset med sin ornamentrikdom

Då Emma og Willy kunne ta i bruk sommarhuset sitt, hadde dei fått eit hus som var laga etter deira eigen smak. Huset er i dragestil men skil seg frå dei andre dragestilhusa i Balestrand ved at bygningskroppen er i eitt slutta volum. Huset står på ein kraftig grunnmur i tørrmur og er bygd av maskinlaft. Verandaen mot Esefjorden er trekt inn i huset slik at heile huset med verandaen dannar ei slutta, nærast kvadratisk form. Opphavleg var det ei to-løpstrapp som leia frå verandaen og ned i hagen.

Rikt dekorert hovudfasade mot fjorden Foto: Helge Pedersen

Den enkle hovudforma på huset er ein god bakgrunn for den omfattande dekoren som huset har både utvendig og innvendig. Vi får eit lite glimt av det når vi går forbi huset der gavlen er dekorert med eit trekanta dekorfelt. I midten av feltet er det ein valknute som er sett inn i ein sirkel. Opphavleg var det her ein svastika (hakekors), men under 2. verdskrig vart den øydelagt. Etter krigen laga Ivar Høyvik valknutemotivet som erstatta den opphavlege svastikaen. På kvar side av sirkelen er det ein drage med vinger. Vindskiene er og dekorert med eit relieff av dragar som bit i kvarandre og grip fatt i lista.

Bislag ved inngangsdøra Foto: Helge Pedersen

Bislaget ved inngangsdøra består av eit pulttak som vert bore av to runde søylar. Kvar av søylane er avslutta med eit firkanta kapitel. Begge kapitela er dekorert med ein utskoren drage som vender seg mot kvarandre. Dragane buktar seg i ei sirkelform ved at dei vender hovudet tilbake og bit seg i halen. Utforminga av dragane er inspirert av urnesstilen.

Dekor i gavlveggen mot vegen Foto: Helge Pedersen

Gavlen mot vegen er eigentleg baksida av huset, medan gavlen mot Esefjorden er huset sin hovudfasade, noko den omfattande dekoren er eit tydeleg teikn på.

I gavlveggen mot sjøen er veggen rikt dekorert av utskorne bilete som er fargesett. Foto: Helge Pedersen

Huset vender seg mot fjorden og er laga for at ein skal kome hit med båt og legge til ved bryggja. Frå bryggja ser ein opp til huset øvst på tomta. Vi får her eit godt overblikk over fasaden der dekoren bokstavleg tala gjekk frå botn til toppen, frå den opphavlege trappa mellom hagen og verandaen og opp til dragane på vindskiene.

Tidlegare var det nok ein gangsti opp til huset og vi finn framleis att spor etter trapper i hagen. Framfor fasaden av huset er terrenget noko terrassert og vi finn her mellom anna ein liten dolmen som det vert sagt at Willy Pastor fekk sett opp. Ein dolmen er i europeisk arkeologi den vanlege nemninga for ein av megalittkulturen sine gravformer. Desse gravene består av eitt rom og over det er det vanlegvis plassert 4-5 steinblokker som ber ein dekkstein. Dolmenane er vanlegvis svært store, og på mange av dei kunne ein vaksen mann stå oppreist under dekksteinen og framleis ha god plass over hovudet. Dolmenen som Pastor fekk sett opp i hagen til Heimdalstrand er ein mikroversjon av desse, og det er heller ikkje noko gravkammer under den. Vi kan såleis sjå på dolmenen som eit utslag av hans interesse for det førhistoriske.

Utskore hundehovud i enden av trappehandlist Foto : Helge Pedersen

Når ein kjem opp til huset, kom ein tidlegare fram til den staselige to-løps-trappa. Trappa var dekorert med utskjæringar i dragestil og ved enden av handlista så var det eit utskore hundehovud. Midt på fasaden møttes dei to trappeløpa på eit repos. Reposet var dekorert med eit utskore motiv av to menn som kjempar med sverd, dette er i dag bevart og står inne i peisestova. Sentralt plassert på altanen er inngangsdøra som leier rett inn til Peisestova, eit av dei to mest representative romma i huset. Inngangsdøra er dekorert med ein portal med utskjæringar i urnesstil. Portalen består av ein kraftig pilaster på kvar side av døra som ber eit rektangulært overstykke. Dekoren på pilastrane består av dragar og planteornamentikk i urnesstil som slynger seg om og grip inn i kvarandre. I kvar ende av overstykket er det eit stilisert dyrehovud og namnet Heimdalstrand fyller ut mellomrommet mellom dei to dyrehovuda. Dekoren er måla i sterke fargar i blått, grønt og gult med svarte detaljar.

Dekoren på fasaden mot Esefjorden er symmetrisk oppbygd med ein akse som går frå mønet og ned gjennom reposet i den opphavlege trappa. Horisontalt er dekoren delt inn i fire felt frå den enkle knutedekoren på den rundbogeforma opninga i altanen ved reposet til trappa. På kvar side er det øvst i opningane til altanen eit felt dekorert med rankeornamentikk. Ovanfor etasjeskiljet kjem det neste feltet med eit solmotiv i aksen over trappa. På kvar side av solmotivet er det tre vikingskip som seglar mot sola, mellom skipa flyg det fuglar. Det tredje horisontale feltet består av ei vindaugsrekkje med rundbogeforma vindauga. Dei tre vindauga i midten er høgare enn dei på kvar side og partiet mellom vindauga er dekorert med vridde halvsøylar med base og kapitel.

Mann til hest i mønet på sjøsida. Biletet liknar mykje på Gerhard Munthes framstilling av Odin til hest, med ramnane Hugin og Munin flygande over. Foto: Helge Pedersen

Øvst i mønet er det eit figurrelieff av ein mann til hest. Han er kledd i hjelm og kappe og held eit spyd. Bak han er det eit stiltisert landskap. Utforminga og påkledninga av mannen er inspirert av dei norrøne gudane og vikingane. I felta på kvar side av han er det ein stilisert drage som bles eld. Denne dragen er inspirert av urnesstilen slik som dragane på bislaget mot vegen og inngangsdøra på altanen.

Detalj av utsmykking rundt døra mellom peisstove og rosestova Foto: Elisabeth Tonheim
Den utvendige dekoren vert vidareført i interiøret. Foto: Elisabeth Tonheim

Noko av det som er mest spanande med huset på Heimdalstrand er korleis den utvendige dekoren vert vidareført i interiøret. Går ein inn gjennom døra frå altanen kjem ein inn i peisestova som er eit rom med ein like omfattande dragestildekor som det vi finn på fasaden mot Esefjorden. Her er dekoren inspirert av både urnesstilen og av dekoren vi finn på Borgund stavkyrkje. Huset har to representative stover, peisestova og rosestova. Rosestova vert i dag omtala som biblioteket. Desse to romma hadde både fast og laust interiør av høg kvalitet. Dragestilen var den dominerande og i interiøret som i eksteriøret var det Ivar Høyvik som utførte treskjerararbeidet. Ein ting som skil interiøret i Heimdalstrand frå mykje av dei andre arbeida til Høyvik er at på Heimdalstrand er dei fargesette. Sannsynlegvis var det Emma Normann som utførte målararbeidet sjølv.

I tillegg til dei to representative stovene mot Esefjorden var det to mindre opphaldsrom på baksida av huset. Desse to romma har eit mykje enklare interiør og kan sjåast på som noko meir private. Overflatene på veggane og taka var lik stovene i front av huset, men desse romma har lite fast dekor og møblane var noko enklare. I den første stova ein kjem inn i frå gangen på baksida av huset er det eit stort piano som sannsynlegvis har vore her frå Emma Normann si tid, og dette rommet vert gjerne omtala som pianostuen. Rommet vegg i vegg med pianostova vart sannsynlegvis nytta mykje av Helga Normann. På veggen mot pianostuen er det montert ein enkel ballettbarre med plass til ein person. Plasseringa av ballettbarren vegg i vegg med pianoet gjer det lett å sjå føre seg at Helga dansa, medan Emma eller nokon andre bidrog med musikk frå pianostuen.

Dei private delane av huset som bad, kjøkken og soverom, har eit heller enkelt interiør. Med veggar kledde med måla panel og plassbygde hyller og skåp. Kjøkkenet har fått noko oppgradering i løpet av den tida Emma og Helga budde i huset. Noko av det som er så fint med kjøkkenet på Heimdalstrand er at denne oppgraderinga har i hovudsak kome i form av tilføyingar. Det har blitt lagt inn vatn, og ein har sett inn kjøkkenbenk og ny komfyr. Samstundes så har den gamle vedkomfyren blitt ståande, saman med dei veggfaste skapa og hyllene. Dette gjer at rommet i dag er fullt av informasjon om korleis ein har innretta seg for å skape eit praktisk kjøkken i løpet av dei siste 100 åra. Samstundes så gjev det eit heilt særeige kjøkken som ingen andre har maken til.

Dei private delande av huset har eit heller enkelt interiør Foto: Elisabeth Tonheim

I eit kulturhistorisk perspektiv er den tydelege delinga mellom dei private, halvprivate og representative romma i sommarhuset noko av det mest interessante ved huset på Heimdalstrand. Det særs godt bevarte interiøret gjev oss mykje kunnskap om dagleglivet og bustandarden til kunstnarane i Balestrand på byrjinga av 1900-talet og framover. Mange verneverdige hus har bevart stover, hallar og andre representative rom. Dette er rom som har vore påkosta og eigar ynskjer vanlegvis ikkje å endre på desse romma. Medan meir private rom som kjøkken, bad og soverom vanlegvis hadde eit enklare interiør og der vår tids krav til komfort og praktisk bruk gjer at desse romma lett vert endra. I Heimdalstrand har det vore gjort forholdsvis lite oppgradering av dei private romma. Dette gjer at vi her får eit innblikk i den private sida i tillegg til den representative.

Arbeid

Huset gjev eit innblikk i dagleglivet og bustandarden Foto: Elisabeth Tonheim
Willi Pastor skreiv truleg medan han var på Heimdalstrand om somrane Foto: Helge Pedersen

Heimdalstrand var ikkje berre eit feriehus. Det var og ein eigedom er bebuarane skjøtta arbeidet sitt. Willi Pastor skreiv sannsynlegvis medan han var her om somrane, men det er lite spor etter dette i eigedomen. Emma og seinare Helga nytta nok mykje av tida på Heimdalstrand til å arbeide og å selje arbeida sine til turistane som var i Balestrand om sommaren. Stabburet i hagen, som og vert omtala som atelier, fortel historia om Heimdalstrand som ein arbeidsplass. I den fremste delen er det store glas og den framstår nærast som ein glasveranda. Dette gjer at det kjem mykje naturleg lys inn i stabburet, noko som var viktig då ein skulle arbeide her.

Emma og Helga selde ein del av arbeida sine direkte til turistane, og om somrane når dei var på Heimdalstrand hang det skilt på den vakre dragestilporten. Slik kunne dei forbipasserande turistane sjå at her var det mogleg å få kjøpt med seg suvenirar heim.

Heimdalstrand og dragestilen

Dragestilen nådde sitt høgdepunkt i 1890- åra, så då husa på Heimdalstrand vart bygd i 1910 var det i ein stilretning som var på veg ut. I dag er det arkitekten Holm Munthe som står att som ein av dei fremste skaparane av dragestilen og allereie i 1880-åra hadde han saman med arkitekten Henrik Nissen laga dei første forholdsvis heilstøypte dragestilbygningane. Dette var og på den tida området Holmenkollen i Oslo vart bygd ut og det vart her reist fleire kjende bygningar i dragestil. Der Holmenkollen turisthotell og Frognerseteren i dag står som høgdepunkt innan dragestilarkitekturen.

Heimdalstrand var sannsynlegvis den siste bygningen i Balestrand som vart bygd i dragestil. På slutten av 1890-talet hadde stilen byrja å miste sin popularitet i byane og nye impulsar var komen sterkare inn i den norske arkitekturen, men på bygdene levde den enno ei stund. Vi kan såleis sjå Heimdalstrand som eit uttrykk for slutten på ein stilepoke. Ser vi på dragestilhusa i Balestrand kan vi fylje endringane i stilen frå høgdepunktet i 1890-åra med Villa Normann og Villa Strandheim med sine samansette volum i hovudforma og dragar i møna. Til Heimdalstrand med si enkle hovudform og utan dragar i møna, men med ein omfattande og rik eksteriørdekor.

I Noreg vart dragestilen sett på som eit uttrykk for den nasjonale arkitekturen og den vann raskt popularitet. I byrjinga var husa arkitektteikna, men ferdighusprodusentane tok stilen raskt inn i sine katalogar. Dei mest kjende er firmaa til Thams og Jacob Digre i Trondheim og Strømmens trævarefabrik i Akershus. I Balestrand fekk Jacob Digres Færdighusfabrik stor betyding, då fleire av villaene som vart bygd her var produsert av denne fabrikken. Fabrikken hadde sin eigen arkitekt, Karl Norum, som teikna mange av dragestilhusa fabrikken hadde i sin produksjon. Villa Normann og Villa Strandheim er to døme på ferdighusa frå Digres sin fabrikk som var teikna av Norum.

Felles for dei fleste av dragestilvillaene er at dei har ei oppbygging beståande av to samansette bygningsvolum. Hovudvolumet var gjerne på to etasjar og med eit tilleggsvolum på 1½ etasje som vart sett vinkelrett på hovudvolument. I tillegg kom tilbygde verandaer/altanar, overbygde inngangsparti, arker og takryttar. Inspirasjonen til husa vart henta frå stavkyrkjer og mellomalderloft. I dekoren er det dei utskorne dragehovuda oppe i møna som gjev oss det tydelegaste teiknet på dragestilen.

Eit hus som Heimdalstrand er likevel meir enn berre uttrykk for ein stilretning. Det er også eit uttrykk for dei som bygde huset. Både Willy og Emma Normann Pastor var levande opptekne av forhistoria og det norrønne. Den medvitne utforminga av dekoren på Heimdalstrand sitt eksteriør og interiør vitnar om deira interesse for og deira tolking av den norrønne fortida. Dottera Helga vaks opp med dragestilen og foreldra sitt engasjement for det norrønne. Ho gjorde få endringar på huset og interøret, noko som gjer at vi i dag kan få oppleve ein godt bevart kunstnarheim i Balestrand.

Framtida

I fleire år stod husa på Heimdalstrand ubrukte og som ei fylje av dette hadde bygningane begynt å forfalle. Lokalt var det bekymring for bygningane og eit ynskje om at dei skulle bevarast. Anna Hatlem som var ei veninne av Helga Normann tok kontakt med fylkeskommunen. På bakgrunn av dette gjorde fylkeskommunen undersøkingar av eigedomen og den kulturhistoriske verdien som den representerte. Fylkeskommunen vurderte eigedomen til å vere eit kulturminne av nasjonal interesse og i 2017 vart eigedomen freda.

I 2015 vart eigedomen seld og dei nye eigarane har med støtte frå fylkeskommunen sett i gang eit større arbeid med å få setje bygningane i stand. Ei antikvarisk istandsetjing av ein eigedom som Heimdalstrand krev tid, tålmodigheit, omtanke og kunnskap. Elisabeth Tonheim og Tor Mjelstad har dette og gjennom deira omfattande og møysommelege arbeid er husa på Heimdalstrand no i ferd med å framstå slik det var på Emma Normann si tid. Resultatet av deira arbeid kan vi som ferdast i Balestrand glede oss over no når huset vert tatt vare på og sett istand.

Kjelder

Dokumentasjonsvedlegg til vedtak om freding av Heimdalstrand:

  • Eldal, Jens Christian Historisme i tre «Sveitserstil» byggeskikksromantikk og nasjonal egenart i europeisk og norsk trearkitektur på 1800-tallet.
  • Melkild, Arne Kunstnarliv.
  • Tschudi-Madsen, Stephan Honnør til en hånet stil.
  • Tschudi-Madsen, Stephan Veien hjem. Norsk arkitektur 1870-1914 i Norges kunsthistorie bind 5.