2019 Esebotn - gamle fjell og nye grinder opnar seg

Å fara rundt Esefjorden gåande eller springande er både ei oppleving og ei fysisk utfordring. For alle må vel spissen vera å ha runda svingen ved Hjelseng, så rullespringa i gode joggesko ned bakkane der ifrå til Esebotn. Unnabakken gjev litt kvild, puls går ned. Du har tid til å smatta på lukter i ein vest-norsk fjordbotn. Luktene fyller nasa di med angen frå fjord og fjøre, ei svovellukt. Elvar lukter alltid. Friskt. Dei drar med seg pustande vindar frå fjell og tind, gjel og dalsøkk, heimover, heim mot fjordbotnen. Urter som ramsløk og skårakung, oregano, blandar seg i dette drag. No har området rundt Esebotn opna seg: Stiar er lagde om, merka med gode skilt og gode kart. Ein gammal ferdsels- og bufarveg er restaurert med steinsette trappe-trinn, gjort tryggare å ferdast i. Litt fram for Gulleple-nipa, ca. 1100 meter, o.h. skal det setjast opp ei dagsturhytte, med namnet Dagbu til minne om Dag Ese.

Klimavenleg og famtidsretta mot-kultur

Utsikt frå Bjørnabreen mot Keipen Foto: Helge Pedersen

I eit større utsyn er Esebotn og fjellområda rundt eit alternativ til det «nye» friluftslivet som er prega av skiheisar, løypemaskiner, heiskort, bilkøyring, parkeringsavgifter, moteprega utstyr frå plastverda, boblevin, paella og sangria på fjell- festivalar, med tung, kommersiell musikk i bakgrunnen. Ein fjelltur frå Esebotn syner fram dei lokale forteljingane, den lokale fjellkulturen, dei lokale veremåtane. På denne måten blir fotturar i dette området prega av klimavennlege , tradisjonelle motkultur-verdiar i Bygde-Noreg. Dette er evige som nøysemd og sparsemd. Nistepakken kan godt vera Kneipp-brødskiver med brunost, innpakka i smørpapir. Ein fjelltur her i frå er såleis meir i tråd med berekraftmål enn det vi finn i typiske fjell-destinasjonar. Dette er naturvillskapens rike, med tindar og vatn, med Trollebotn og Yglebotn, Bjørnebrear som er trygge å gå på.

Nye tankar om Esebotn

Helekopteret landar på Holmamyrane Foto: Helge Pedersen

Juni var månaden, året 2008. Mange i landsbyen Balholm hadde samla seg på Holmamyrane. Eit helikopter landa. Fleire steig opp og fann seg plass inne i helikopteret. Det tok av, stakk ut kurs og retning mot Esefjella: Vindreken, Gulleplet, Grisagrø, Keipen, Geithalsen, Yglebotn, Tjuatoten. Desse fjell og namn har eitt fellestrekk: Dei fortel om eldre og brukte utferdsstader og stølar i Esefjella, i Esebotn.

Dag Ese saman med sonen Anders. Foto: Helge Pedersen

Om bord i helikoperet var også Dag Ese, fødd i 1948, 60 år, sivilingeniør, fjellfrelst frå barndommen, lokalpatriot meir enn dei fleste. Endå sjukdommane var ulike, kjende kan henda Dag no om lag det same som Henrik Wergeland, av djup og ekte sogneslekt. Lidinga si kalla Wergeland rislande isdrypp i blodet. Dag ynskte seg ei fjellferd, eit møte med og eit oversyn over dei fjella han sette høgst.

Parallelt med dette hadde han nokre veker tidlegare invitert vener frå bygda til flåten sin på Esefjordstranda, nær Storasva. Der ville han lesa gjennom og samtala om det beste i klassisk, europeisk litteratur. På ein isoporflåte i Esefjorden, Balestrand i Sogn, sat altså balestrendingar og drøfta Devina Commedia og andre verk frå den klassiske, europeiske antikk-litteraturen. Fredagskveldar med mjukt vinlauv i håret. Det ser ut til at Dag Ese kjende seg mest i slekt med fjellmannen, husmannssonen Aasmund Olavson Vinje, som formulerte slik livs-essens; «Shakespeare og Goethe kan tankane snu og leikande vende/ men til Homer og Edda må du på slutten alltid attende». Før han strekte ut handa til eit endeleg farvel, var mange klassiske verk drøfta gjennom. Leselaget «hans» er enno i aktivitet, ein fredagskveld i månaden.

Når vi set opp Dag Ese som portopnaren til Nye Esebotn, og dagsturhytta får namnet Dagbu etter han, kjem det også av bakgrunnen hans: Han kom frå ein krambufamilie på morssida, og faren var lærar, Svanhild Eitungjerde og Johan Ese var foreldra hans, Arve bror hans. Faren blei sjuk, men hadde bygd hytte ved Nystølen 1939, året etter av vegen over Gaularfjellet låg grusa ferdig. Å vera sjuk, slik faren blei, sette klare grenser for den økonomiske handlefridomen til familien. Sommarstid leigde dei ut huset sitt i Balholm og budde på hytta ved Nystølen, Gaularfjellet. Fjellivet kom inn i blodet , og Svanhild fekk Dag og Arve med på lange turar. Dei kjende Vetle Eikjadalen, Johannesberg, Skarvedalen, Risbotn, Frøyslandsstølen, Steinbotn, Nystølseggene og Storafjellet.

Dag(til høgre) og broren Arve bygde trigonometriske kartpunkt i Balestrandsfjella. Her på Vindreken i 1971. Foto: Arve Ese

Seinare blei Dag også lommekjend i Balestrandsfjella då kommuneingeniør John Hovland i 1971 hyrte han inn til å setja opp såkalla trigonometriske kartpunkt. Saman med bror sin blei det sett opp 63 slike punkt i 1971 og 1972 på fjelltoppar i heile kommunen: Fjærland, Fjærlandsfjorden, Vetlefjorden, Sværefjorden, alle Esefjell, Nessadalen. Om kveldane bar dei brukte borar heim til kvessing for seinare bruk. Smeden, Hans Lunde, med smie midt i sentrum, kvesste på fagmannens vis. Han hadde vore smed på veganlegg.

Ingeniørens æresrolle

Dag var aktivt friluftsmenneske då han gjekk på gymnaset på Sandane og medan han studerte på gamle NTH i Trondheim. Han framheva alltid at fjella der, på Sandane og i Trondheim, på ingen måte kunne måla seg med hans eigne heimefjell, i Balestrand. Å tala fram kvalitetane rundt Esefjella, som Dag alltid gjorde, kan sjølvsagt også ha samanheng med at han var ein av dei siste elevane på Esefjorden skule, der faren var lærar. Saman med Karin Mundal rodde dei til skulen, frå Storasva, i alt slags ver. Han var også stolt over å ha gått på kurs hos idrettsgeniet Lars L Ese. Emnet på kurset var å læra seg å smørja ski på beste vis. Han var ein flink og ivrig langrennsløpar. Dag var dessutan sivilingeniør. Den norske ingeniøren har ei æresrolle i byggjinga av det norske velferdssamfunnet, i lag med det arbeidande folk. Sameleis er det med den offentlege infrastrukturen. I Esebotn såg sivilingeniøren korleis det gamle kulturlandskapet kunne pussast opp, gjerast tilgjengeleg, skapa noko nytt innafor tryggare rammer. Det har skjedd dei siste åra.

Botn på botn

Over heile landet møter vi «Botn» som stadnamn, ofte som ein etterlekk. Her inne mellom høge fjell finn vi både Esebotn, som er samlenamn for heile området, og vi finn den avgrensa Yglebotn, lenger inne ligg Trollebotnvatnet. Ein botn er graven ut av ein botnbre, som er ein lokal isbre. Botnbrear er resultat av at vind samlar snø i forseinkingar i terrenget. Etter kvart blir snøtjukna så høg og brei at ein bre dekkar land og lende. Botnen kan vera rund eller lang med steile vegger og kan liggja i sida av eit frittliggjande høgdedrag. Botnen kan skråna slakt utover mot opninga. Isen er alltid i rørsle, grev og borar. Det kan også vera ei større grop inst i botnen med eit rundt eller litt avlangt vatn. Ein botn ser ofte ut som setet på ein kjempestor kubbestol. Der mange botnbrear arbeider seg innover rundt eit fjellområde, vil det dannast tindar og egger. Nokre stader, slik som i Esebotn, kan det vera vanskeleg å skilja mellom botnformer som er danna av sjølvstendige botnbrear, og dalendar eller daltrinn som er forma av dalbrear.

Kaldsleg, stygt og farleg

Synet på naturen har endra seg mykje. Vi ser i dag det store i villskap, i gjel og i far etter skreder. I 1930-åra gav overlæraren, forfattaren og historikaren Olav Hoprekstad denne skildringa: «Esebotn er noko av det kaldslegaste dalbotnland som ein kan finna så nær sjøen i Noreg synnanfyre Svartisen, med vass-sig og våtmyr i marki under hamrelag og kaldgufser ned frå fjellhøgdene, so det kann gruste der endå til ein sumardag med soli høgt på himmelen». Denne styggedom kan truleg forsterkast med ei tolking av stadnamn som Yglebotn og Ygleelvi. Det kan nemleg tenkjast at ygla har same rot som engelske ugly, som beint fram tyder stygg. På islandsk heiter same adjektivet ugglegur. Vi kjenner alle likskapspunkta mellom vårt språk, vår dialekt og islandsk. «Islandsk er som eit vindauge til røtene av orda, seiemåtane og stadnamn våre», seier Ingvar Åberge, min trygge hjelpesmann og samtalepartnar, i historiske spørsmål. Stygg kan såleis vera den nemninga som blei sett både på elv og botn. Der Ygleelvi renn ut frå Yglebotn, får ho forresten nytt namn: Storelvi eller Botnaelvi. Eldre og lokalkjende informantar meiner at det fjellvatnet som no blir kalla Gulleplevatnet i eldre tid blei nemnt som Yglevatnet. Dette går også fram av eit eldre utskiftingskart.

Dei som brukte fjellet, til beite, til ferdselsveg, til jakt, visste at dei rørde seg i eit farleg område. Mange leiteaksjonar hadde dei vore med på. Dei spurde alltid etter nasjonaliteten til dei sakna og hadde lært seg skilnadene mellom engelsk og tysk friluftsliv. Engelskmennene held seg meir nede i dalane, sa dei, medan tyskarane helst søkte dei høgste og kvassaste toppane. Johannes Bondevik, som kjenner fjella her inne best, fortel korleis eldre menn sat og forklarte kvar ein skulle gå. «Du må ikkje koma for langt ut der», sa dei. Vegen til fjells kjende dei som sin eigen bukselomme, kunne gå der i blinda, såg alt så klart føre seg. Dei som fortalde mest til Johannes var bestefar hans på Skrenes og Samuel Hjelseng som blei over hundre år og hadde klart og godt minne.

Gulleple. «Gul, heiter vinden, den linne»

Forfattaren Rolf Sagen, med røter frå Vadheim, gav i 1974 ut boka «Båten til Bergen». Der finn vi ei lyrisk perle: «Gul, heiter vinden, den linne» eller Jektesiglarens song. Sagen skildrar havgula som bles ut fjorden om morgonen : Eit pust som varer og varer. Det breie seglet fyllest, og det er langt til Bergen. «Sunnanvind bles ut. Nordavind bles inn heilt til Måren», les vi. Grunnen til at vi hentar fram bok og dikt, knyter seg til tolkinga av fjellnamnet Gulleple, som ligg så sentralt blant alle Esefjell. For det fyrste: Å setja eplenamn på eit fjell er eineståande i landet, visst nok, er sakkunnige samde om. Tolkingsvansken her knyter seg til førelekken «Gull.»

Vestsida av Gulleple med utsikt mot Esefjorden og Balestrand. Foto: Helge Pedersen

Denne førelekken finn vi mange stader: Gullbrå, Gullvåg, Gullringen o.s.v. Det alle ser ut til å vera samde om, er at namnet her ikkje har noko med det edle gull å gjera. Vi seier forresten «gudl». Det er difor ein har nærma seg fenomenet havgula, vinden den linne, som eitt tolkings-alternativ. Vakkert er ordet Gulleple, kjælande og varm er sommarvinden havgula som altså kan ha vore med på å setja namn på fjellet. Der leika den linne vinden seg langs fjellsidene og festa seg som fjellnamn. Fjella rundt Esebotn er nemleg spesielle, såleis også Keipen. Namnet er henta frå fjord og båt , folkets viktigaste reiskap her ved strendene. Båten gjekk på land i Esebotn, tok med seg båtripa og eine keipen, ragande opp mot himmelsynet. Fleire har dessutan vore inne på om Ese-namnet kan assosierast med æsinga i eit fartøy. Dette er uvisst.

«Furet, værbitt over vannet»

Etter den klassiske definisjonen av den europeiske landsbyen møter ein slik stad i Balholm, i statistiske kjelder, i næringsoversyn, frå slutten av 1930-åra. Det er eit område i tilnærma økologisk balanse vi ser framfor oss. Rundt landsbyen låg jordbruksland. Frå fjorden blei fisken henta. Servicenæringane var mange og varierte: Hotell og pensjonat, mange kafear. «Har ein balestrending eit ullteppe til overs, opnar han pensjonat. Med fem teskeier ekstra blir det kafe-drift», sa folk i grannebygdene. Fem landhandel- og krambuer kunne teljast, to bakarforretningar, meieri, slaktarbutikk, fleire skomakarar, skreddarar, urmakar som klipte mannfolk og serverte dei heimelaga og gulblank gravensteinvin på kjøpet, rodde turistane på fjordturar, med flagg på robåten, i sterk konkurranse med andre roarar. Dei skjelte kvarandre ut og kalla kvarandre piratar. Her var også frisør for kvinner, smed, mellomskule, eit yrande småsal av husflidsprodukt og jordbær, framande ut og inn over dampskipsbryggja smidd saman av stein og solid osp. Bank var her, lege, eiga sjukestove, gamleheim, jordskiftekontor, telegrafstasjon, kommunal administrasjon. Det meste var her. Alt dei trong, låg nær. Arbeid var nær.

Landsbykjernen i Balholm vende seg mot Esefjella, særleg markert er synsmøtet med Vindreken, som ruvar «furet, værbitt over vannet». Har du stått i Balholm ein februardag i austaver etter snøfall, mjøllesnø, forstår du også namnet på fjellet. Det ryk frå toppen, du blir minna om likskapen med eit vulkansk fjell. Snøroket gjorde Vindreken og Rambera til varselsfjell. Slike fjell finn vi også i samiske kulturområde. «Ryk det frå Rambera og Vindreken, er ikkje Sognfjøra farande», heldt dei gamle jektekarane fast ved. Sognfjøra var området frå Måren og vestover til øyane i Solund. Der tala dei «sognfjørsk», sa «hoppe og danse» i staden for «hoppa og dansa». som låg på tunga til midtre- og indresogningane. Så furete og verbiten Vindreken er, med lyssettingar og skuggar i gjel og kløfter, har fjellet blitt ei utfordring for svært mange kunstnarar med lerret og pensel. Løyndomen til Kunstbygda Balestrand ligg i Vindreken.

Norrøn gudelære

Medan Vindreken altså er eit varselsfjell og eit kunstmotiv, fortel namnet Tjuatoten om bondeguden Tor slik også Torsnes gjer. Slik plasserer fjellet seg på linje med og i lag med andre norrøne gudenamn i Sogn: Osland(Odinsland) i Bjordal, Guds eigen vang i Gudvangen, handelsguden Njord sette namn på Nærøyfjorden, Frøys vik i Fresvik. Gardsnamn som Hov og Hove peikar direkte på norrøn utøving av religiøse rituale. Alt dette kjem så nær i Balholm. Forteljingar blir mange, i breidde og med skiftande emne. Ein tur opp på Tjuatoten minner oss dessutan om lidingane gjennom sjølvaste skjærselden. Stien opp til Toten er vasslaus, men du høyrer at vatn renn, at elvar susar. «Høyrer vatn, men ser det inkje», høyrer vi om «Draumkvedet», vårt store mellomalderepos, om han Olav Åsteson, som vandra gjennom dødsriket frå julafta til trettande dag jul, den gamle julafta. «Høyrer vatn, men ser det inkje» var blant dei verste lidingane hans. Såleis: Gå aldri Tjuatoten utan rikeleg med vatn i sekken!

I Esebotn er det ikkje slik, der budlar det friskaste kjeldevatn opp frå Kaldebekken, med ein «Budl» i midten. «Budl» boblar, med sterkt trykk nedanfrå. Kvalifiserte, vitskapelege undersøkjingar syner at vatnet frå Kaldebekken kjem frå Ygleelvi eller rettast frå Storelvi/Botnaelvi. Lokalkjende folk derimot lurer på dette kan vera rett. Dei meiner at rasmassane i Geitskreda, over «Budl», inneheld store vassmengder som sig ned mot oppkomestaden og dannar kjelda. Oppkomevatn hadde lækjande og lindrande kraft, var fast tru. Heilt opp i 1950- åra sende eldre menn i Balholm folk av stad for å fylla flasker med vatn frå Kaldebekken, få det heim til kjellaren. Såleis bad den pensjonerte læraren Karl Øvrebø om dette, og han kvikna alltid til etter å drukke vatnet frå Kaldebekken. Truleg blei den fyrste Esebotn Sæterhytte sett opp så nær Kaldebekken fordi kjelda kunne nyttast til positiv omtale av det nye turistføretaket som kan oppfattast som ei tidleg form for SPA-Sane Per Aqua – helse gjennom vatn. Sæterhytta stod ved sida av Kaldebekken då ho blei bygd i 1926. I 1933 blei ho flytta til Strandanes og utvida til pensjonat. Vegen rundt Esebotn blei ferdig i 1929. Dei fyrste åra blei gjestene difor rodde inn til det nybygde turistføretaket.

Vatnet i Ygleelvi stikk under jorda, finn sine eige vegar, blir filtrert i aur og sand. Å lyda etter dette underjordiske vatnet har mange gjort. Mest lydde dei i den nedre delen av vassdraget, Storelvi eller Botnaelvi. Dei tala om huldremusikk. Fortalt blir det om tre menn, pene i tøyet, litt aldersmette, men glade til sinns, og med tette yrkesband til det norske bankvesenet: Ragnvald Reed, Anders Gjerde og Anders Skåsheim. Ei ettermiddagsstund la ut frå Esebotn på leit etter den staden i dalbotnlandet der denne musikken høyrdest best og klarast. Om dei fann staden, veit vi ikkje, men han skal vera der, etter alle folkeminne.

«Soli ho sprett og ho glader»

Sit du på ein benk i Balholm i klarver om kvelden den 3.juni, kan du tru at fjella i Esebotn driv gjøn med deg eller at du er blitt buvill. Kveldssol går ned. Så etter ei stund kjem ho att. Ho sprett, og ho glader. Det gjer sola tre veker før solsnu og tre veker etter solsnu. Då klyg sola Vindreken. Skar og gjel, synsrender, himmelhøgder og skaralyset i Esebotn leikar med deg ein slik kveld. Du får hug til å fara dit. Gå dei bratte stiar, nærma deg dei høge fjell med undring i sinnet, med spørsmål på tunga: Kva betyr namn som Vindreken, Gulleple, Keipen, Toten, Yglebotn? Kan vi høyra og lokalisera dei stadene der vatn renn under jorda og skaper underjordisk musikk, huldreslåttar? Vi kan også undra oss over dette: Stod vår store tindekvinne, Margareth Green Kvikne på toppen av Vindreken nokon gong eller heldt ho seg mest rundt Munkeggi slik albumet hennar fortel om? Var det her i desse fjell at ho erkjende sanninga i Davids-salmen, den 72., at fjella skal bera fred til folket? Orda i denne salmen heng på ei blank messing-plate i Engelsk-kyrkja, tindesport-kyrkja i fjellnasjonen Noreg der også Esebotn no nyplasserer seg. Den kjende lokalhistorikaren frå Aurland, Anders Ohnstad, slo fast at fjellet for indresogningane var det same som havet var for kystfolket. Ein annan aurlending, frå Skjerdal, blei ein av våre fyrste, norske humanistar, Absalon Pedersen Beyer. Han skreiv på 1500-talet at graset i Sogn var så feitt at kyrne skeit smør. Esebotn var beite, feitt gras, fjellferder og buforing heilt til Langedalen, der raudkjøta fjellaure blenkte i vatn og kulpar.

Dag Ese var lommekjend i Balestrandfjella. Her saman med Johs B. Thue. Foto: Helge Pedersen

Dag Ese såg rett: Få fjellområde i landet vårt kan måla seg med dette landskapet. Og kven har ein stein med tal på, i ulenda høgt til fjells? 1885 står det på denne «Talsteinen», tilhoggen rundt dei åra Margareth Green Kvikne kom til landsbyen Balholm, der ho klatra i alle fjell før ho fann grava si på Tjugum kyrkjegard i 1894 med mektig utsyn til tind og fjord. Til hennar minne og som ei hylling til fjella våre blei det reist ei eiga kyrkje i 1897 der Esefjella skin mot kyrkjelyden på altertavla.

Takk til: Ole Magne Bale, Johannes Bondevik, Arve Ese, Jørgen Hundseth, Atle Instebø, Bjørn Skanke Sande, Kristian Solvang, Gunnar Urtegaard, Ingvar Åberge.

Denne artikkelen er ikkje lov å kopiera eller herma frå utan løyve frå forfattaren sin familie.