2017 Keipenprosjektet

Målet er å gjere den legendariske turruta Esebotn-Keipen til ei fyrtårnsrute for fjellvandring i Sogn.

Gamal stølsveg

Langs tidlegare oppdyrka mark og steinmurar Foto: Einar Målsnes

Turstien til Keipen frå Esebotn startar ved Fv 55 i Esebotn. Ein vandrar tilnærma flatt innover langs tidlegare oppdyrka område. Ein kan sjå store steinmurar som avgrensar dei over 30 måla Anders Gjerde dyrka opp på 1930-talet. Vidare ser ein restar etter ein støypt silo. Dette er einaste restane etter stølen til Gjerde, og som vart teken av Geitaskreda vinteren 1940.

Starten på buføringsvegen til Langedalen Foto: Einar Målsnes

Lengre framme, etter ca. åtte hundre meters gange, kjem ein til Busetereina og møter på nytt murar som viser restar etter ein bygning. Her stod den nye sommarfjøsen til Gjerde som var bygd i 1941 til erstatning for stølen Geitaskredet hadde teke året før. Gjerde hadde over 100 geiter i tillegg til kyr, sauer og hestar. På denne tida var det firestølar det var i aktiv drift i Esebotn. Det nye store stølshuset, som var i to etasjar, blei rasert i 1994 av fondvind frå eit stort snøras. Frå Busetereina går stien vidare inn i Dalen der ein kryssar elva. På grunn av store ras gjennom vintrane er det ikkje mogeleg å ha fast bru over elva, men her kan ein fint gå over elva om sommaren. På andre sida av elva startar stien opp mot Yglebotn. Ein følgjer her ein steinlagt sti som var opparbeidd av gardane i Gjerde og på Grøneng på 1880-talet. Dei to gardane hadde to mann kvar i to år for å opparbeide buføringsveg til Langedalen i Høyanger.

Buføringsvegen var ferdig i 1885. Åstalet er hogd inn i ein stor stein eit stykke før ein tek av stien til Gulleplestølen. Foto: Einar Målsnes

Vegen var ferdig i 1885, og årstalet er hogd inn i ein stor stein ved stien omlag halvvegs opp til der ein tek av mot Gulleplestølen:

Murane etter Gulleplestølen. Foto: Einar Målsnes
Sherparar har forbetra stien til Gulleplestølen. Foto: Helge Pedersen

Det er eit imponerande arbeid med steinlegging og trapper som no sårt treng å bli tatt vare på som eit minne om tidlegare tider. Frå vegen opp Yglebotn tek ein av til høgre mot Gulleplestølen. Her er bratte parti og fleire stader kan ein sjå restar etter tidlegare tider. Bruk frå Balestrand og Vik hadde slåtteteigar oppover i fjellskråningane. Her ser vi restar etter løypestrengar, minehol og fjell som har vore sprengt for å lette tilkomsten til dyra fram til Gulleplestølen. På Gulleplestølen er det no berre murane som står att etter tre tidlegare stølshus. Dei gamle vegane og restane etter stølshus bør ein ta vare på. Dette er ein del av turstien til Keipen. Eit samarbeid mellom Balestrand og Høyanger turlag, Balestrand kommune og Visit Sognefjord har som mål å ruste opp stien og kulturhistoria langs stien.

Opprustinga

Trond Sundby viser den gode utsikten frå partiet mellom ura og Gulleplet. Foto: Jørgen Hundseth
Sherparar klar til å starte arbeidet på Keipenprosjektet Foto: Jørgen Hundseth
Sherparar i arbeid og flott vert det Foto: Jørgen Hundseth

I 2016 starta dette arbeidet opp gjennom dugnadsarbeid der fleire hundre meter av stien er utbetra. Stien er lagt om gjennom ei stor ur på vestsida Gulleplet. Fire røynde sherpaer vart leigd inn til dette arbeidet hausten 2016 (sjå bilde. Dette arbeidet er ikkje ferdig, og vil halde fram i 2017 om ein får midlar til det. I tillegg er det søkt om nye midlar til å tilbakeføre steintrappene i Yglebotn slik dei var i 1885. Det står framleis att ein del dugnadsarbeid for å forbetre stien og bygging av vardar i høgfjellet. Om ein får til same framdrifta som i 2016, vil stien til Keipen få eit stort løft. Den kan bli ein populær tur til eit unikt utsiktspunkt over Sognefjorden om ein vel å gå heile turen opp til Keipen.

Dagsturhytte på Gulleplenipa

Hytta skal plasserast på øvste Gulleple.

«Sogn og Fjordane-hytta» er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane i fylket. Fylkeskommunen administrerer prosjektet, kommunane skal bygge og vere ansvarlege for drifta, og finansieringa vert utløyst av den tredjedelen som kjem frå sparebanken.

Fylkeskommunen administrerer prosjektet og kommunane skal bygge og vere ansvarlege for drifta. Finansieringa vert utløyst av den tredjedelen som kjem frå sparebanken. Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sitjetrapper og sitjebenkar, som kan tilpassast vindretninga på staden. Inne er det lesekrok og god plass til framheving av bøker. Hytta skal innehalde eit nynorsk fjellbibliotek med bøker til bruk på staden. Store vindauge og mykje lys skal skape god romkjensle og gi dei besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henge av seg ytterklede og sette frå seg sko.

Piknik på høgda ovanfor Gulleplenipa Foto: Trond Sundby

«Keipenplatået kan minne om Trolltunga eller Preikestolen i miniformat. Sjølv om platået er mindre er ikkje utsikta mindre spektakulær. Kjensla av å sveve mellom himmel og jord er heller ikkje mindre kriblande. Men her er det langt meir fredeleg enn på turistmagnetane lenger sør! Medan tusenvis strøymer til Trolltunga, har Keipen i Balestrand i beste fall 100 besøkande på eit år. Dette har lokale krefter planar om endre, og ynskjer å gjere Keipen til ei fyrtårnsrute for fjellvandring i Sogn» Jorunn Liv Kleiven i magasinet UTE.