Vegen rundt Esefjorden er starten på ein av dei nasjonale turistvegane. Vi hevdar difor at Esefjorden Rundt er verdas flottaste landevegsløp. Esefjorden Rundt er 8.5 km og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å kome til starten på Tjugum kan du ta skyssbåt frå Holmen (Balestrand sentrum) til Tjugum. Start både mosjon og konkurranse ved Tjugum kyrkje og mål er ved festplassen ”Balahaugen” ca. 1 km frå sentrum.