Praktiske opplysningar Esefjorden Rundt

Båtskyss og parkering

Pendelbåtar


- mellom Holmen(sentrum) og Tjugum (startområde) kl. 09:00-16:00.
Båttransporten vert avslutte kl 16.00.
NB! RIB-båt tek ikkje med sykkel.

Billettpris båtskyss


- Vaksne: 80kr.
- Barn aleine under 15år: 40kr.
- Familie: 200 kr (foreldre/føresette + born).
Betaling med Vipps til transportør.

Parkering


- i målområdet (Balehaugen)
- i sentrum (Holmen)
- ved Tjugum kyrkje
- ved Bygdahuset (ca. 300 meter frå sentum).


Konkurranse


Fredag 1.mai 2026 kl. 13.30 går startskotet for konkurranse - individuelt og stafett.



Påmelding konkurranse (individuell og stafett) Esefjorden Rundt 2026




Desse er påmeldt til konkurranse (individuell og stafett) Esefjorden Rundt 2026



Her kan du følge konkurransen (individuell og stafett) Esefjorden Rundt 2026




Startpengar individuell konkurranse


kr 100,- 13-16 år for medlemmar i BIL med heilårslisens
kr 130,- 13-16 år for medlemmar i BIL med eingongslisens ( kr.30)
kr 200,- 13-22 år med heilårslisens
kr 230,- 13-22 år med eingongslisens (kr. 30)
kr 400,- 23 år og eldre med heilårslisens
kr 440,- 23 og eldre med eingongslisens (kr. 40)

Påmeldinga opnar 1. februar frå kl. 00:00 og er open til 30.april kl. 24:00. For påmeldingar 1. mai til kl. 13.00 kjem eit tillegg på 100 kr.
NB! Siste frist påmelding individuell konkurranse er 1. mai kl. 13:00.
Hente startnummer individuell konkurranse ved Tjugum kyrkje (Kyrkjestova). Må hentast innan kl. 13:00


All påmelding og betaling ved konkurranse (stafett og individuell) skjer gjennom EQ Timing.

Stafett tre klassar og tre etappar


Klassar


-Stafett 11-12 år (f. 2015 - 2014) M/K eller M+K. Samla alder er maksimalt 36 år. NB! Ikkje deltakarar under 11 år.
-Stafett 13-16 år (f. 2013-2010) M/K eller M+K. Samla alder er maksimalt 46 år. NB! Ikkje deltakar under 13 år.Første etappe-løparen frå 13 år kan også melde seg på individuell konkurranse.
-Stafett 17 år og eldre M/K eller M+K. NB! Lågaste alder er 17 år (f.2009), elles ikkje øvre aldersgrense.

Påmeldinga opnar 1. februar frå kl. 00:00 og siste frist påmelding stafettkonkurrase er onsdag 30. april kl. 24:00

Startpengar konkurranse stafett


kr 100,- Stafett 11-12 år (f. 2015 og 2014) - M/K eller M+K.
kr 200,- Stafett 13-16 år (f.2013-2010) - M/K eller M+K.
kr 400,- Stafett 17 år >

Hente startnummer stafett innan kl. 12:00 løpsdagen ved Tjugum kyrkje (Kyrkjestova).

Etappane


Kart med dei 3 etappane:

Kart med stafettetappane


1. etappe: Frå start (Tjugum) til Esebotn 3,3 km
2. etappe: Frå Esebotn til XL-bygg (Ytre Ese) 2,8 km
3. etappe: Frå XL-bygg (Ytre Ese) til mål Balahaugen 2,3 km



All påmelding og betaling ved konkurranse (stafett og individuell) skjer gjennom EQ Timing.


Lisens konkurranse


Det er krav om lisens frå det året ein fyller 13 år til og med det året ein fyller 80, for å delta i alle arrangement i regi av Norges Friidrettsforbund og dens klubbar. Eingongslisens blir betalt ved påmelding gjennom EQ-timing.

Premiar individuell konkurranse og stafett


Kr 500,- klassevinnar
Kr 1000,- beste herre og kvinne
Kr 3000,- ny løyperekord herre eller kvinne

Deltakarpremie til alle stafettlaga.


Premieutdeling konkurranse

I målområdet etter løpet.


Løyperekordar individuell konkurranse


Trim

Påmelding og start trim Esefjorden Rundt i Holmen(sentrum) eller ved Tjugum kyrkje kl. 09:00 - 13:00



NB ! Start konkurranse på tid individuelt/stafett 1. mai kl. 13:30.

Betaling trim


Barn opp til 16 år gratis (til og med 10. klasse)
kr 200,- vaksen 20 år>
kr 100,- ungdom 17-19 år

Vipps både i Holmen (sentrum) og på Tjugum (Kyrkjestova).
Frå 2026 kan du ikkje nytte betalingskort.

Spørjekonkurranse trim


Det er spørjekonkurrranse for heile familien med spørsmål tilpassa alder/klasse:
- 0-5 år
- 1.-4.klasse
- 5.-10. klasse
- 16 år >.

Svarskjema får du ved Tjugum kyrkje (Kyrkjestova) eller I Holmen (sentrum). Spørsmåla er plassert på fire postar rundt fjorden. Lever utfylte svarskjema i målområdet. Tre premiar i kvar klasse.

Hjelpemiddel trim


Dei minste, til og med 2. klasse, kan bruke sykkel, sparkesykkel eller rulleskøyter når dei er i lag med ein vaksen.
Hugs hjelm og vis omsyn.

Premiering trim


I målområdet etter løpet ca. kl. 15:00.
1. gongs deltaking får medalje.
Elles langtidspremiering for 5., 10., 20., 30. og 40. gongs deltaking.

Fine uttrekkekspremiar på startnummer, m.a. gåvekort og gåvepremiar.

Tidlegare deltaking


Finn du på www.esefjorden.no


Garderobar, wc og sanitet

Garderobe
- Idrettshallen på Kreklingen (skuleområdet)

WC
- I servicebygget i Balestrand sentrum ved småbåthamna
- I toalettbygget i badelagunen ved målområdet.

Røde Kors
- Balestrand Røde Kors Hjelpekorps har ansvar for sanitetstenesta langs løypa.

Langtidspremiering


Langtidspremiering for 5., 10., 20., 30. og 40. gongs deltaking skjer i målområdet. Du får beskjed om langtidspremiering ved påmelding.

Premiar skuleklassar

Premiering av skuleklassar med prosentvis høgast deltaking i barne- og ungdomsskulen.