Rundløype

To traseear frå 2025

Tidlegare starta Balestrand Opp ved Kviknes Hotel og enda på Raudmelen (970 moh.). Løypa var 5,4 km.

Frå 2025 vart løypa endra til ei rundløype - der Kreklingen stadion er både start og mål. Namnet på løpet vart endra til Balestrand Opp og Rundt.

Frå 2026 er namnet på løpet Balestrand Trailrun.

Konkurranseløype med panorama-utsikt 10,2 km



Etter start på Kreklingen stadion går løypa på opparbeidd sti til Orrabenken (399 moh.). Vidare over Oramyra(384moh.), vidare til Klukshaug (489 moh.), og til høgaaste punktet Buråsi (575 moh.). Vidare på opparbeidd sti med storslått panorama-utsyn mot Sognefjorden til Grauthaug (546 moh.), herifrå nedover på Fjærestadstølen (436 moh.). Deretter opparbedd sti nedover til skogsveg. Etter skogsveg går løypa vestover mot Skåsheim og til snupunkt ved Bruavoll, deretter til Sandstølen (188 moh.) og attende til Kreklingen stadion. Det er også mogleg for mosjonistar å nytte konkurraseløypa (10,2 km), men då utan tidtaking.


Mosjonsløype 6 km utan tid



Etter start på Kreklingen stadion går løypa på ein opparbeida sti til Orrabenken (399 moh.) Etter Orrabenken kjem du til Orramyri og derifrå ein relativ flat sti til dagsturhytta “Balabu”. Vi planlegg å få til ulike aktivitetar for barn/familie i området nær hytta. Etter Balabu går stien til Fjærestadstølen(436 moh) og nedover ein opparbeida sti til skogsveg. Deretter ca. 870m nedover skogsveg til Fjærestadgrovi, herifrå på opparbeidd sti attende til Kreklingen stadion. Denne løypa på ca. 6 km er tenkt nytta til mosjonsklassen, men Mosjonistar kan også å nytte konkurraseløypa (10,2 km), men då utan tid.