Balestrand Trailrun - korleis kome til Balestrand ?

Båt frå Bergen og kysten

Frå Bergen og andre stader langs kysten er det lett å kome seg til Balestrand med ekspressbåt, som legg til i Balestrand sentrum, like ved Kviknes Hotel og startområdet. Med ekspressbåten frå og til Bergen kan ein ta dette som ein dagstur:

Frå Bergen
08:00 Frå Bergen (Strandkaitr.)
11:58 Til Balestrand

13:30 Start Balestrand Opp og Rundt (Kreklingen Stadion)


Reise frå Balestrand

16:50 Frå Balestrand (Balestrand kai)
20:45 Til Bergen



Kjøp biletter - ekspressbåt:

Ekspressbåt


Fly

Langvegsfarande kan ta fly til Sogndal lufthamn (Haukåsen) eller Førde lufthamn (Bringeland).

Frå begge flyplassane tek det cirka 1,5 timar med bil å køyre til Balestrand.

Flyruter og bilettar:

Widerøe



Bussruter frå og til flyplassane finn du her:

Skyss

Buss


Buss-korrespondanse frå Oslo / andre stadar til og frå Balestrand finn du her:

Skyss

Hotell

Overnatting helga 4.-6. september 2026 i samband med Balestrand Opp og Rundt 26


Det finst fleire overnattingsstader i Balestrand som tilbyr gode rabattar helga 4.-6. september 26:


Kviknes Hotel

Tilbyr 25 % rabatt. Bruk koden “Baleopp” i firmakode på hotellets bookingside.

Balestrand hotell


Midtnes Hotel


Tilbyr 15% rabatt på ordinære romprisar. Bruk rabattkode "Raum927" ved bestilling eller via "post@midtnes.no"

Dragsvik Fjordhotell

Hotellet ligg 15 minutt frå sentrum. Tilbyr 15% rabatt på hotellets nettside om du oppgir deltaking på Balestrand Opp og Rundt.