Registreringperioden er frå 17. juni til 31.oktober 2026.
1. Registrere turar utan tid - DNT-app
Det er Ikkje deltakaravgift i denne tur-klasssen.
Bruk DNT appen “UT.no” når du besøker og vil registerere tal turar til dei fire store. Dine unike besøk og totale besøk.
Balestrand og Høyanger Turlag og DNT Sogn og Fjordane har opprette ei lenke med tanke på registrering med DNT-app:
Fjellgeit 2026
2. Registrere turar på tid - Strava
Vips deltakaravgifta på kr. 100 til Balestrand Idrettslag: #86212
Konkurranseklassar for kvinner og for menn:
K>19, K20-24, K25-34, K35-44, K45-54, K55-64, K65-69, K70-74, K75+
M>19, M20-24, M25-34, M35-44, M45-54, M55-64, M65-69, M70-74, M75+
Det er konkurranse for kvar topp og ev. samla tid for alle fire.
Nytt korrekt Strava-segment
NB! Dersom du vil at aktiviteten/tida di skal vere synleg for oss på leiartavla, klikkar du på redigeringsikonet og set personvernkontrollane til «Alle».
Ja-steinen-Raudmelen (Varden 972moh)
Til Raudmelen er det to Strava-segment. Segmentet du nyttar er Ja-steinen-Raudmelen(Varden 972 moh).
Vindreken
Til Vindreken er det eitt segment. Dette startar ved parkeringsplassen i Indre Ese og følgjer egga/ranen opp til varden.
Brua-Keipen (offisiell)
Til Keipen nyttar du segmentet som har start framme i dalen, dvs. start ved gangbrua ca. 900m frå parkeringsplassen ved fylkesveg 55. Namnet på segmentet er Brua-Keipen (offisiell).
Parkering - Tjugatoten 1098 moh (offisiell)
Til Tjuatoten er det start ved parkeringsplassen attmed trafostasjonen og følgjer stien opp til varden på toppen.
Etter 31. oktober 2026 legg vi ut resultat og premiar for både trim (DNT-app) og konkurranse (Strava)