Registrerte turar til dei fire store i 2025


Du kan registrere turane dine på to måtar:
- utan tid med appen "UT.no"
- på tid med Strava.

Dei fire store er:
Raudmelen
Vindreken
Keipen
Raudmelen

Registrere turar utan tid - DNT-app


Periode: Frå 17. juni til og med 31. oktober.

Vi inviterer også i år turfolket til å bruke DNT appen “UT.no” når dei besøker dei fire store. Her kan du registrere tal turar til kvar. Vi registrerer dine unike besøk og totale besøk. Balestrand og Høyanger Turlag og DNT Sogn og Fjordane har oppretta liste med tanke på registrering: :

UT.no|Topptur Balestrand - Fjellgeit 2025



Det er ikkje deltakaravgift i trim.

Registrere turar på tid - Strava


Periode: Frå 17. juni til og med 31. oktober
Konkurranseklassar for kvinner og for menn:
K>19, K20-24, K25-34, K35-44, K45-54, K55-64, K65-69, K70-74, K75-79, K80+
M>19, M20-24, M25-34, M35-44, M45-54, M55-64, M65-69, M70-74, M75-79, M80+

Det er konkurranse for kvar topp og samla tid for alle fire. Deltakaravgift konkurranse (Strava) er kr. 100. Betal med Vipps til Balestrand Idrettslag: #86212


Nytt korrekt Strava-segment


NB! Dersom du vil at aktiviteten/tida di skal vere synleg for oss på leiartavla, klikkar du på redigeringsikonet og set personvernkontrollane til «Alle».

Til Raudmelen er det to Strava-segment. Det eine segmentet går frå Ja-steinen til Varden og det andre til Baly (hytta). Namnet på segmentet du nyttar er:

Ja-steinen-Raudmelen (Varden 972moh)



Til Vindreken er det eitt segment. Dette startar ved parkeringsplassen i Indre Ese og følgjer egga/ranen opp til varden. Namnet på segmentet du nyttar er:

Vindreken



Til Keipen nyttar du segmentet som har start framme i dalen, dvs. start ved gangbrua ca. 900m frå parkeringsplassen ved fylkesveg 55. Namnet på segmentet er:

Brua-Keipen (offisiell)



Til Tjuatoten er det start ved parkeringsplassen attmed trafostasjonen og følgjer stien opp til varden på toppen. Namnet på segmentet du nyttar er:

Parkering - Tjugatoten 1098 moh (offisiell)



Etter 31. oktober legg vi ut resultat og premiar for både trim (DNT-app) og konkurranse (Strava)



Resultata for 2024